Jon Kjærstad Anda Olsen foto Ogne
BREMS: Mot slutten av 2021 vart det lenger ventetid på utstyr og komponentar inn til Anda-Olsen. Det forseinka produksjonen fortel Anda-Olsen-sjef Jon Kjærstad. Foto: Ogne Øyehaugsen
Nytt

Koronaeffekten kom på hausten

Ventetid på varer forklarar mykje av inntektsnedgangen til Anda-Olsen i fjor.

28.06.2022

2020 blei eit rekordår for Anda-Olsen i Ålesund med 22 prosent vekst i driftsinntektene og eit resultat før skatt på 13,5 prosent av driftsinntektene.

Lenge såg 2021 ut til å bli som året før, men ut på hausten byrja selskapet å merke verknaden koronapandemien hadde på forsyningslinene.

Anda-Olsen lagar utstyr som gjer straumforsyninga kan haldast i gang sjølv om den vanlege straumforsyninga - fra nett eller andre straumkjelder - blir broten.

Lik ordreinngang
Når komponentane vart forseinka inn til Anda-Olsen tok det lenger tid før Anda-Olsen kunne levere - og fakturere - sine kundar.

Ordreinngangen i 2021 vart omlag som i 2020, men ordrereserven på slutten av 2021 var nesten dobla i høve til året før, seier dagleg leiar Jon Kjærstad.

Forseinkingane gjorde at ein del av utstyret som skulle leverast til kundane i fjor først vart ferdig i år. Det er hovudforklaringa på inntektsnedgangen frå 2020 til 2021 (sjå tabell).

Tilbake på sporet
Ordreinngangen har halde seg på 2020-nivå også i år, og nesten halvvegs i 2022 ligg Anda-Olsen an til å få driftsinntekter litt over 2020-nivå, seier Kjærstad.

I fjor gjekk investeringsselskapet Novela Kapital I, og Kjærstad sjølv, inn som medeigarar i selskapet, med mål å få vekst.

Anda-Olsen har i dag 26 tilsette, ein netto auka på seks i løpet av 2022. Kjærstad reknar med ytterlegare to tilsetjingar i løpet av året.

Anda-Olsen as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt76,890,2
Driftsresultat5,913,4
Resultat før skatt5,712,2

Publisert: 28.06.2022 08:55

Sist oppdatert: 28.06.2022 08:58

Mer om