Koronaloeft for nettbutikken
IKKJE RÅKA: Henning Skogstad hadde fått vår- og sommarkolleksjonen vel avgarde frå Kina før koronaepidemien blussa opp. Fabrikkane som no produserer haust- og vinterkolleksjonen for Skogstad Sport er heller ikkje forstyrra av restriksjonar på grunn av viruset.
Nytt

Koronaløft for nettbutikken

Koronakrisa sender netthandelen til Skogstad Sport rett opp.

17.04.2020
I april har inntektene frå nettbutikken til Skogstad Sport dobla seg samanlikna med april i fjor. Handelen har auka dag for dag gjennom heile månaden, ifølgje dagleg leiar og medeigar Henning Skogstad.
Før koronaepidemien henta fritidsplaggprodusenten i Innvik 70-80 prosent av inntektene sine frå eigne butikkar - medrekna nettbutikken. Nettbutikken åleine sto for 10-15 prosent av inntektene i fjor, anslår Skogstad.
Han trur netthandelen vil etablere seg på eit varig høgare nivå, også etter at koronepidemien er over.
Skogstad Sport hadde 118 millionar kroner i driftsinntekter i 2018.

Opna butikkane

Etter at regjeringa stengte skulane i midten av mars og innførte fleire andre restriksjonar for å begrense smittespreing av koronaviruset, stengde Skogstad sine butikkar (unntatt nettbutikken) få dagar etter. Grunnen var å unngå smitte hos kundar og tilsette i tillegg til at salet stupte, ifølgje Henning Skogstad.
Rett før påske gjenopna selskapet fem av i alt 11 butikkar, og laurdag 11. april opna dei siste seks.

Full drift i Kina

Alle plagga til Skogstad Sport blir produsert i Kina, i ulike fabrikkar som er leverandørar til Skogstad Sport. Ingen av fabrikkane ligg i området som blei tungt råka av epidemien.
Skogstad Sport har ikkje fått forsyningane frå Kina forstyrra. Vår- og sommarkolleksjonen 2020 blei skipa ut før koronaepidemien blomstra opp i Kina. Fabrikkane er no i ferd med å lage haust- og vinterkolleksjonen og produserer utan restriksjonar.
Skogstad betalar i dollar og traff også godt i valutamarknaden då kursen for vår- og sommarkolleksjonen blei låst, ifølgje Henning Skogstad.

Publisert: 17.04.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56