Polaris Media Nordvest består av mediehusa Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke med tilhøyrande lokalaviser.
Denne delen av Polaris-konsernet omsette i første kvartal i år for 82,0 millionar kroner, mot 84,0 millionar i same kvartal i fjor.
Resulatet før skatt enda på 2,5 millionar kroner, ned frå 8,21 millionar i første kvartal i fjor.
Inntektene vart reduserte med 26 millionar, og driftsresultatet med 11 millionar, blir det opplyst i tysdag.
Det blir vist til at koronapandemien har ramma både annonseinntektene og trykkeriinntektene sterkt.
- Samstundes har den viktige samfunnsrolla til våre mange mediehus blitt understreka i ei tid som denne. Informasjonsbehovet er stort, og våre redaksjonar gjer ein formidabel innsats.
- Det har også resultert i ei kraftig auke i sidevisningar, seier konsernsjef Per Axel Koch.
Konsernet har hovudbase i Trondheim, og i fjor vart svenske Stampen Media også ein del av konsernet.
Frå årsskiftet er også Polaris Media Sør innlemma, med Agderposten Medier og Fædrelandsvennen.
Sjølv etter desse siste investeringane sit konsernet på ei kontantbehaldning på over 600 millionar kroner.
Veksten i digitale abonnement er på heile 28 prosent til totalt 126 972.
Samla annonseinntekter hadde derimot ein nedgang på 13 prosent til 161 millionar, trass ein liten vekst i digitale inntekter.
Denne delen av Polaris-konsernet omsette i første kvartal i år for 82,0 millionar kroner, mot 84,0 millionar i same kvartal i fjor.
Resulatet før skatt enda på 2,5 millionar kroner, ned frå 8,21 millionar i første kvartal i fjor.
- Viktig samfunnsrolle
For den norske av konsernet vart første kvartal klart svakare enn tilsvarande kvartal i fjor.Inntektene vart reduserte med 26 millionar, og driftsresultatet med 11 millionar, blir det opplyst i tysdag.
Det blir vist til at koronapandemien har ramma både annonseinntektene og trykkeriinntektene sterkt.
- Samstundes har den viktige samfunnsrolla til våre mange mediehus blitt understreka i ei tid som denne. Informasjonsbehovet er stort, og våre redaksjonar gjer ein formidabel innsats.
- Det har også resultert i ei kraftig auke i sidevisningar, seier konsernsjef Per Axel Koch.
Solid økonomi
Totalt hadde Polaris-konsernet driftsinntekter på 824 millionar kroner i første kvartal, ned frå 841 millionar i same kvartal i fjor.Konsernet har hovudbase i Trondheim, og i fjor vart svenske Stampen Media også ein del av konsernet.
Frå årsskiftet er også Polaris Media Sør innlemma, med Agderposten Medier og Fædrelandsvennen.
Sjølv etter desse siste investeringane sit konsernet på ei kontantbehaldning på over 600 millionar kroner.
Digital vekst
For konsernet var det positiv utvikling i abonnementsinntektene i første kvartal, med ein vekst på seks prosent til 222 millionar kroner.Veksten i digitale abonnement er på heile 28 prosent til totalt 126 972.
Samla annonseinntekter hadde derimot ein nedgang på 13 prosent til 161 millionar, trass ein liten vekst i digitale inntekter.
Publisert: 05.05.2020 15:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56