NTB k0i R Ch ZPX Mk 1 IKKEJ BRUK
NYTT SYSTEM: Utvalsleiar Jon Gunnar Pedersen på pressekonferansen der den endelege rapporten frå «Noreg mot 2025»-utvalet vart presentert. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Nytt

Koronautval vil reformere skattesystemet

Vil ha ein heilskapleg gjennomgang av det norske skattesystemet for å sjå på moglege endringar.

25.03.2021

NPK-NTB: Utvalet har fått i oppgåve å sjå på konsekvensane av koronapandemien i Noreg og korleis den påverkar økonomien dei neste åra.

Dei foreslår at det blir laga eit nytt utval igjen, som skal gjennomgå heile skattesystemet «og vurdere sider ved skattesystemet som kan justeres for å styrke produktivitetsveksten og konkurransekraften, samtidig som fordelingshensyn og hensynet til naturens bærekraft ivaretas.»

Mellom anna meiner dei at dagens skattegrunnlag kan utnyttast betre.

Uthola system
– Det er ei rekkje unntak frå avgifter, skatteplikt og frådragsordningar som holar ut skattegrunnlaga og som gjer at vi må ha høgare skattesatsar enn vi elles kunne hatt, skriv dei i rapporten sin.

Dei vil òg at ein ser på «nye og gode skattegrunnlag».

– Norsk økonomi har fleire skattegrunnlag som kan utvidast. Det gjeld mellom anna skatting av bustad, eigedom og grunnrente.

Grøn skatt
I tillegg vil dei sjå på ordningar som grøn skatteomveksling.

«Noreg mot 2025»-utvalet vart sett ned i fjor vår og fekk i oppdrag å vurdere korleis konsekvensar av virusutbrotet, utviklinga i internasjonal økonomi, smitteverntiltaka og dei økonomiske mottiltaka vil påverke utviklinga i norsk økonomi fram mot 2025.

Det er leidd av Arctic Securities-partnar Jon Gunnar Pedersen.

Publisert: 25.03.2021 14:52

Sist oppdatert: 25.03.2021 17:31