Då Havyard i april varsla at selskapet ville selje sin aksjepost på 75 prosent i fiskeindustriutstyrsleverandøren MMC First Process blei det sagt at målet var å ha ein endeleg avtale klar seinast 15. juni i år.
Det målet står truleg ved lag, for Havyard har gitt dei som er med i bodkampen kort frist til å kome med eit endleg bod. I følgje styreleiar Louis Nordstrand i First Process Holding, som eig 25 prosent av aksjane i MMC First Process er det snakk om ein frist "innan kort tid".
Men 5. mai kom Havyard med ei ny melding der selskapet varsla at intensjonsavtalen var avlyst fordi ein ny kjøpar hadde kome på banen.
- Eg har ikkje lagt skjul på til Havyard at vi blei skuffa då dei sa opp avtalen, seier styreleiar Louis Nordstrand i First Process Holding.
I førre veke sende Credo Partners og First Process Holding at ei tosifra antal tilsette i MMC First Process no er part i bodkampen, ved at dei går inn som medeigarar i First Process Holding. Med på laget har dei også Leif Gjelseth, som grunnla MMC.
Nordstrand seier det er ført forretningsmessige samtalar med Havyard etter at intensjonsavtalen blei avlyst.
- Det har enda opp med at vi er velkomne til å gi bod, seier Nordstrand.
Petter Leon Fauske er også dagleg leiar i MMC First Process.
- Det er både finansielle og industrielle interessentar, sa Bakke.
Prisantydningane er vesentleg høgare enn kva Credo Partners/First Process Holding i første omgang ville gi, i følgje Bakke.
Optimar - som hadde nettopp Credo Partners som største eigar fram til selskapet blei seld til den tyske Hanielfamilien i 2017 - vil ikkje kommentere å selskapet er blant bodgivarane.
21. mars i år, berre tre veker at børsnoterte Havyard Group hadde presentert det førebelse resultatet for 2018 overraska selskapet med 100 millionar kroner i ekstra tap.
Den uventa meldinga, om meir enn ei dobling av underskotet, utløste eit fall i aksjekursen frå 8,68 til 5,22 kroner pr. aksje i løpet av ein dag. Kursen fall til 4,46 kroner pr. aksje før det flata ut.
Etterkvart som meldingan om utviklinga i salet av aksjeposten i MMC First Process har kome har Havyard-aksjen nesten tatt att det tapte. I dag, klokka 12:03 er kursen 8,20 kroner pr., aksje, opp 6,22 prosent samanlikna med sluttkurs i går.
Det målet står truleg ved lag, for Havyard har gitt dei som er med i bodkampen kort frist til å kome med eit endleg bod. I følgje styreleiar Louis Nordstrand i First Process Holding, som eig 25 prosent av aksjane i MMC First Process er det snakk om ein frist "innan kort tid".
Skuffa mindretalsaksjonær
Opphavleg gjekk Havyard inn i ein intensjonsavtale om at sal til First Process Holding og Credo Partners, som saman ville kjøpe ut Havyard.Men 5. mai kom Havyard med ei ny melding der selskapet varsla at intensjonsavtalen var avlyst fordi ein ny kjøpar hadde kome på banen.
- Eg har ikkje lagt skjul på til Havyard at vi blei skuffa då dei sa opp avtalen, seier styreleiar Louis Nordstrand i First Process Holding.
Er med vidare
First Process Holding er eigd at grunnleggarane av First Process, som i 2017 blei slått saman med Havyard MMC til MMC First Process.I førre veke sende Credo Partners og First Process Holding at ei tosifra antal tilsette i MMC First Process no er part i bodkampen, ved at dei går inn som medeigarar i First Process Holding. Med på laget har dei også Leif Gjelseth, som grunnla MMC.
Nordstrand seier det er ført forretningsmessige samtalar med Havyard etter at intensjonsavtalen blei avlyst.
- Det har enda opp med at vi er velkomne til å gi bod, seier Nordstrand.
Sjefen blant bodgivarane
Det framgår ikkje presist frå Credo Partners/First Process Holding si side om grupperinga av MMC First Process-tilsette alt er, eller skal bli, medeigarar i First Processs Holding. Sett bort frå denne grupperinga er First Process Holding eigd av Petter Leon Fauske, Arne Einar Barlindhaug Aasen, Per Arild Aamelfot, Erlinge Widar Keiseraas, Monica Keiseraas Dalhaug, Lillian Keiseraas og Bjørnar Keiseraas.Petter Leon Fauske er også dagleg leiar i MMC First Process.
Fleire konkurrentar
Geir Johan Bakke, som er leiar for Havyard Group, sa til NETT NO 8. mai at det er fleire aktørar som er interessert i MMC First Process.- Det er både finansielle og industrielle interessentar, sa Bakke.
Prisantydningane er vesentleg høgare enn kva Credo Partners/First Process Holding i første omgang ville gi, i følgje Bakke.
Optimar - som hadde nettopp Credo Partners som største eigar fram til selskapet blei seld til den tyske Hanielfamilien i 2017 - vil ikkje kommentere å selskapet er blant bodgivarane.
Tok att det tapte
Bakgrunnen for salet er mellom anna at Havyard Group treng pengar i kassa etter store tap på skipsbygging i fjor.21. mars i år, berre tre veker at børsnoterte Havyard Group hadde presentert det førebelse resultatet for 2018 overraska selskapet med 100 millionar kroner i ekstra tap.
Den uventa meldinga, om meir enn ei dobling av underskotet, utløste eit fall i aksjekursen frå 8,68 til 5,22 kroner pr. aksje i løpet av ein dag. Kursen fall til 4,46 kroner pr. aksje før det flata ut.
Etterkvart som meldingan om utviklinga i salet av aksjeposten i MMC First Process har kome har Havyard-aksjen nesten tatt att det tapte. I dag, klokka 12:03 er kursen 8,20 kroner pr., aksje, opp 6,22 prosent samanlikna med sluttkurs i går.
Eg har ikkje lagt skjul på til Havyard at vi blei skuffa då dei sa opp avtalen
Publisert: 27.05.2019 18:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35