Nomek foto Nomek
NISJEMARKNAD: Nomek i Stryn har spesialisert seg på påbygg til lastebilar og arbeidsbilar. Foto: Nomek
Nytt

Kortare horisont for Nomek

Eldre kontraktar dreg lønsemda ned. Men Stryn-bedrifta leverer ny rekordomsetning.

01.07.2025

Industribedrifta Nomek i Stryn har spesialisert seg på påbygg til lastebilar og arbeidsbilar. Blant kundane er selskapet Norva24, som driv med vedlikehald av infrastruktrur under bakken. Nomek er ein del av industrimiljøet Norva24 spring ut av.

Omlag to tredjepartar av inntektene kjem frå påbyggingsmarknaden, ifølgje dagleg leiar Jon Rune Heimlid.

Omsetninga enda på 206 millionar kroner, som er ny topp. Driftsinntektene er dobla dei siste tre-fire åra. 

– Vi har topplinje etter budsjett, men strevar med marginane, sier Heimlid til Nett No om 2024-resultatet (sjå tabell under).

Kostnadsauke og lengre levering
Under koronapandemien og etter at Russland gjekk til krig mot Ukraina auka tida for levering av chassisa Nomek byggjer på - frå 3-4 til 12-14 månadar.

Det gjorde at selskapet i fjor levert ein del bilar som var bestilt lang tid tilbake. 

Etter at dei kontraktane vart signert, steig Nomek sine kostnadar til materiale og utstyr. 

Det gjekk i sin tur ut ut over lønsemda fordi selskapet ikkje i alle tilfelle hadde høve til å auke prisane for å kompensere for prisauken frå kontaktane vart signert, til bilane vart levert.

Nomek AS  
Tal i mill.kroner20242023
Driftsinntekt206,0187,6
Driftsresultat14,013,9
Resultat før skatt10,78,9

Kortare tid, mindre ordrereserve
No er leveringstida for eit chassis attende til normalen, renta er høg og tidene generelt meir usikre. 

Det gjer at Nomek sine kundar ikkje lenger er tidleg ute med sine bestillingar, fordi dei veit at ventetida fram til levering er blitt kortare. 

Det gir betre kontroll over kostnadsutviklinga, men gjer det samstundes vansklegare å bygge opp ein ordrereserve og få ein lenger tidshorisont, ifølgje Heimlid.

85 tilsette og fleire lokale eigarar
Nomek har 85 tilsette og er eigd av selskapa Grandvegen Invest (94,01 prosent) og Bratt Invest (5,99 prosent).

Bratt Invest er eigd 50/50 av Jon Rune og Ruth Maria Tøfte Heimlid.

Grandevegen Invest er eigd av Elias Loen sitt selskap Elo Invest, Bjørn Aage Flo sitt selskap Baaf Invest og Invest24. Dei tre selskapa eig ein tredjepart kvar i Grandevegen Invest.

Invest24 har i sin tur tre aksjonærar, Arild Bødal med familie gjennom selskapet AHB Invest, Kristian Sandbakk og familie gjennom selskapet Isco. Både Bødal og Sandbakk-familen er frå Stryn. Den tredje eigaren er Johhny Birkeland og familie i Gulen i Hordaland, gjennom selskapet Jkt Birkeland Invest i Stryn.

Publisert: 01.07.2025 11:40

Sist oppdatert: 01.07.2025 11:40

Mer om