Kostbare investeringer for Driw
– Det kostar å vere kar om ein skal laga noko som er bra, seier nytilsett sjef etter millionminus i fjor.
På forsommaren tok Torbjørn Krogen over leiinga av Driw i Ålesund. Han har vore styremedlem og kunde av selskapet gjennom fleire år, og bør difor ha gode føresetnader for sjefsjobben.
Tysdag tek han i mot samferdsleminister Knut Arild Hareide for å snakke om korleis ein kan bruke teknologi for å nytte seg best mogleg av kapasiteten på vegnettet.
– Det handlar om å få færre lastebilar på vegane med systemstøtte som kombinerer til dømes stordata frå vegvesenet, med innsikt i tilgjengeleg kapasitet og prognosar for transportbehovet, forklarar Krogen til NETT NO.
Les også: Fjordkryssingar, Raumabanen og sjøtransport
Kostbare investeringar
Etter fleire år med kraftig vekst, viser 2019-rekneskapen gjekk inntektene ned i 2019.
Årsrapporten viser også eit underskot på nær 15 millionar. Det er det første minusresultatet på nær ti år for loghtech-selskap, som leverer logistikkløysingar for distributørar i varehandelen.
– Det kostar å være kar om ein skal lage noko som er bra, seier Driw-sjefen og fortel at høge kostnader i fjor er knytt til store investeringar for å kome over på ein ny plattform.
– Saman med kundane våre har vi dei siste åra investert betydeleg for å flytte produkta over på ein ny moderne teknologisk plattform. No har vi eit svært godt utgangspunkt for å løyse dei logistikkutfordringane varehandel har i framtida, fortel han.
I årsrapporten går det fram at underskotet blir dekt inn ved å tappe eigenkapitalen. Ved starten av året var eigenkapitalen på 17 millionar og samla gjeld på 26 millionar.
Koronautfordringar
Driw har vore i bransjen i snart 40 år og sprang i si tid ut frå dagligvaregrossisten H I Giørtz & Sønner.
Sjeldan har dei opplevd utfordringar som den siste tida med koronapandemien.
–Daglegvare og byggevarer er to bransjar som har opplevd veldig stor vekst i denne perioden. Det har lagt eit stort press på logistikkløysingane, fortel Krogen.
Han er nøgd med at dei har klart å hjelpe store kjeder som Rema 1000 til å halde oppe vareflyten gjennom utfordringane.
Vareflyt ut i butikken
Løysinga deira gir kundane vareflyt heilt ut til butikken ved hjelp av lager-, ordre- og transportsystem, og dei jobbar stadig med å automatisere arbeidet.
Krogen fortel at dei ikkje er involvert i prosjekt for sjøtransport, men at metodane kan nyttast også her.
– Det er ein del av heile pakka med logistikk og vareflyt. Det handlar mykje om å samle data og behandle dei slik at kunden får effekt på tvers av alle forretningsområda, seier han.
Driw opplevde kraftig vekst i åra fram til 2018. I dag er dei nærare 70 tilsette. I tillegg har dei eit miljø med 22 utviklarar på Sri Lanka.
– Det gir oss moglegheiter til å skalere produksjonskapasiteten vår. Domenekompetansen held til her i Ålesund, fortel Krogen.
Les også: Driw jakter flere folk
Disse kan blir årets industridesignselskap
Det handlar mykje om å samle data og behandle dei slik at kunden får effekt på tvers av alle forretningsområda
Publisert: 18.08.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.03.2022 23:24