Kostnadsauke krympa lønsemda
Ekornes-konsernet auka inntektene i andre kvartal, men kostnadene auka meir. Har færre tilsette.
Ekorneskonsernet registrerte at etterspørselen etter møblar blei mindre i andre kvartal enn første kvartal i år - som var eit rekordkvartal. Likevel kan selskapet rapportere om ein klar vekst samanlikna med første halvår og andre kvartal 2021.
Det som reduserer lønsemda i andre kvartal i år, samanlikna med første kvartal i fjor er auka kostnadar i kombinasjon med ugunstig valutakursutvikling.
Koronapandemien og krigen i Ukraina har forstyrra internasjonale forsyningsliner og medverka til dyrare råvarer og frakt.
Ekornes har svart med å sette opp prisane på møblane sine og reforhandle avtalar med leverandørane sine. Det har dempa ulempa med kostandsauke for møbelprodusenten, men ikkje fjerna den. "The inflationary pressure continues to intensify", heiter det i halvårsrapporten til selskapet.
Koronaboomen over
Koronapademien og smitteverntiltaka mot den gjorde at folk verda over måtte halde seg meir heime.
Det skapte ein boom, mellom anna for møbelprodusentane, fordi folk bruke pengar dei før brukte på reiser, restaurantar og underhalding, til oppussing og nye møblar.
No er pris- og renteauke med på å gjere at Ekorneskonsernet ventar at møbelmarknaden kjem attende til ein meir normal tilstand. Ordreinngangen gjekk ned i andre kvartal, men Ekorneskonsernet meiner det likevel har kome stryka ut av pandemien, fordi selskapet har vunne ein større andel av marknader - spesielt for Stressless-møblane.
Kapasitetsreduksjon
Slik marknaden er no, og med stigande råvarekostnader og høgare rente bur Ekorneskonsernet seg på mindre fart i salet og kan kome til å vurdere kapasitetsreduksjon.
I løpet av 2021 auka Ekornes talet på tilsette med 270 i Noreg, og for heile konsernet med 475.
Då sa konsernsjef Roger Lunde at Ekornes skulle vekse vidare og treng fleire folk også i år.
Ved utløpet av 2021 hadde konsernet omlag 3400 tilsette. No er arbeidsstokken på omlag 3180 seier Lunde til NETT NO.
I Noreg er ingen permitterte eller sagt opp, men folk er flytta frå kvilestolproduksjon til sofa- og spisestuemøbelproduksjon og 35-40 personar som har slutt for å gå på skule eller studere er ikke erstatta. I Vietnam er arbeidstokken redusert med omlag 150.
Ekornes QM Holding as | ||
1. halvår. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 2720.2 | 2103,3 |
Driftsresultat | 319,9 | 293,8 |
Resultat før skatt | 247,5 | 207,8 |
Ekornes QM Holding as | ||
2. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 1232,7 | 1059,5 |
Driftsresultat | 85,9 | 131,7 |
Resultat før skatt | 84,1 | 96,8 |
Publisert: 29.08.2022 12:15
Sist oppdatert: 29.08.2022 13:24