Strandafjellet gondol foto strandafjellet
STRANDAFJELLET: Etter krevjande år ser skisenterbransjen lysare på situasjonen. Vinterferien gir eit etterlengta løft. Foto: Strandafjellet Skisenter
Nytt

Kostnadsauke utfordrar skianlegga

– Det er dyrt å drive skisenter, særleg med det klimaet vi har no, seier marknadssjefen på Strandafjellet.

NPK
19.02.2026

Skisentera har vore gjennom krevjande år. No kryssar Strandafjellet skisenter iallfall for betring med snøfall for komande helg. 

– Vi har flotte forhold i dei preparerte løypene. Trakkarane våre gjer ein kjempejobb, og vi får mykje skryt for nettopp dette. No håpar vi det legg seg godt med naturleg snø, seier Mari Riksheim, marknadssjef ved Strandafjellet Skisenter til Nynorsk pressekontor.

På Strandafjellet skisenter har dei hatt lite natursnø denne sesongen. Men dei fekk hjelp av eit snøfall frå før nyttår. 

Riksheim peiker på at bransjen har utfordringar. 

– Det har vore tøffe år etter pandemien. Det er dyrt å drive skisenter, særleg med det klimaet vi har no, der vi i større grad er avhengige av kunstsnø. Der det ikkje er kunstsnø, har det generelt vore lite og tynne forhold, men vi håpar snøfallet no vil endre på det.

Avhengige av lokalmarknaden
Førre sesong enda med om lag 47.000 gjester, fortel driftsleiar Ståle Fjørstad på Strandafjellet.

– Det var eit dårleg år. I meir normale år ligg vi på mellom 50.000 og 70.000 gjester. I år ligg vi nokre tusen over fjoråret så langt, men kva totalen blir, veit vi enno ikkje, seier Fjørstad til Nynorsk pressekontor.

Heimemarknaden er avgjerande.

– Vi er prisgitt Sunnmøre – det er heimemarknaden vår. Vi har òg gjester frå Romsdal og Nordmøre. Svenskane dominerer blant våre utanlandske vintergjester, og så prøver vi å lokke fleire hit frå Oslo.

Sesongen har starta tregt
Skisesongen starta treigt mange stader i landet, og det har teke tid før forholda har vore dei rette for skikøyring. 

Det fortel Camilla Sylling Clausen, som er generalsekretær i foreininga Norske alpinanlegg og fjelldestinasjoner.

I tillegg var førre sesong vanskeleg for mange.

– I fjor var det uvanleg lite snø. Mange sa dei aldri hadde opplevd maken. Det året har sett spor, særleg økonomisk. Når inntektene sviktar eitt år, tek ein med seg underskotet inn i det neste.

– Mange lever frå hand til munn
Generalsekretæren peikar på at over hundre av skianlegga i Noreg er små, ofte med sårbar økonomi.

– Mange lever frå hand til munn. Sviktar det eitt år, får det direkte konsekvensar året etter. I tillegg må fleire produsere meir snø enn før, noko som aukar kostnadene.

Straumprisane har òg vore ei stor utfordring.

– Utgangspunktet var tøft, særleg med tanke på straumkostnader. Men det ser ut til å gå seg til no. Folk vil på ski, og interessa for vinteraktivitetar er stor, seier Sylling Clausen.

Den aukande interessa merkar ein òg i sportsbransjen.

– Mange opplever at folk lengtar etter vinter. Fleire stader er det tomt for skiutstyr i butikkane, og utlånsordningar er mykje brukte, seier ho.

Krevjande heilårsdrift
Fleire anlegg, som Strandafjellet, har innført drift gjennom heile året, men det er ikkje utan utfordringar.

– Sommaren blir ofte brukt til vedlikehald og førebuingar til ny sesong. Inntektsgrunnlaget om sommaren er avgrensa. Det er gjerne to månader med sommarferie, og då konkurrerer ein med mange andre aktivitetar og reisemål. Det er vanskeleg å få god økonomi i heilårsdrift, seier Camilla Sylling Clausen i bransjeforeininga for norske alpinanlegg.

Publisert: 19.02.2026 13:59

Sist oppdatert: 19.02.2026 17:06

Mer om