I sesongen 2023/2024 sette Hornindal Skisenter ny rekord i billett- og andre salsinntekter, med 4,3 millionar kroner. Selskapet sitt rekneskapsår følgjer skisesongen og i 2024/2025-sesongen fall salsinntektene til 2,7 millionar. Det er den nest lågaste salsinntekta dei siste ni sesongane.
Det er salsinntektene som utgjer storparten av inntekten til skisenteret og det store inntektsfallet gjorde at selskapet fekk eit underskot på 0,7 millioner kroner i 2025/2024-sesongen.
Snømangel
"Sjølv med stor innsats med snøproduksjon og etablering av god sole både i trekksport og nedfarter vart snøsmelting så stor at drifta av anlegget måtte stoppast 22. mars.", skriv Hornindal Skisenter i årsmeldinga. Då hadde anlegget vore stengt i nokre periodar tidlegare i sesongen, fordi snøen mangla. Av i alt 34 driftsdagar var det berre to dagar anlegget kunne drivast heilt frå toppen.
Berre skisentra på Bjorli og Strandafjellet har halde det gåande heile sesongen, skreiv Nett No i midten av mars i 2025. Det kom ikkje noko snø som berga slutten av sesongen heller, og dei 2025/2024-tala som hittil har kome frå skisenter viser det same som i Hornindal, inntektssvikt og underskot.
Dugnad
Mykje av arbeidet på skisenteret i Hornindal blir gjort på dugnad, der over 100 personar var involvert i ulike arbeidsoppgåver i førre sesong.
Hornindal Indrettslag og Volda Kommune er dei to største aksjonærane.
| Hornindal Skisenter as | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 2,7 | 4,5 |
| Driftsresultat | -0,5 | 0,3 |
| Resultat før skatt | -0,7 | 0,1 |
| *2025-tala viser resultatet for 2025/2024-sesongen, 2024-tala viser resultatet for 2023/2024-sesongen. |
Publisert: 28.01.2026 11:36
Sist oppdatert: 28.01.2026 11:50






