Jon Erik Engeset Hexagon Composites foto Ogne
DYRARE: Produksjonen er blitt dyrare og uvisse om når råvarer og komponentar kjem fram tærer på lønsemda til Hexagon Composites, fortel selskapet i ei børsmelding i dag. Jon Erik Engeset er leiar for selskapet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kostnadssmell for Hexagon Composites

Nedjusterer resultatforventningane.

14.10.2022

Høge energiprisar, høge råvareprisar og høge prisar på komponentar, saman med at det framleis er forstyrringar i forsyningslinene gjer at Hexagon Compositets sender ut eit resultatvarsel.

Lønsemda i 2022 blir dårlegare enn selskapet tidlegare har anslått.

Les børsmelding her

Ned 75 millionar
Det førre resultanslaget frå Hexagon Composites var eit driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda) på 400 millionar kroner i 2022. No er anslaget redusert til omlag 325 millionar kroner.

Selskapet held fast på sitt tidlegare anslag over kor store driftsinntektene skal bli, mellom 3,7 og 3,9 milliardar kroner.

Auka prisane
Hexagon Composites har auka prisane for å dekkje inn kostnadsauken, men på langsiktige kontraktar har prisauken enno ikkje slått inn, ifølgje børsmeldinga.

På nokre råvarer, som stål og aluminium, har prisane falle sidan dei nådde toppen, men denne kostnadsreduksjonen vil først slå positivt ut for selskapet etter to-tre kvartal.

Opp på børsen
Hexagon Composites lagar behaldarar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde, frå små gassgrillbehaldara til stor mobile gasstankar for industri og anlegg.

Hovudkontoret er i Ålesund, meg Flakk-familien som stor aksjonær. Selskapet har fabrikk på Raufoss, men den viktigaste marknaden og produksjonen er i USA.

Hexagon Composites er og største eigar i Hexagon Purus, som lagar tilsvarande produkt for bruk av hydrogen som energiberar. Begge selskapa er børsnotert.

Då børshandelen opna i dag steig aksjekursen i Hexagon Composites 2,5 prosent, til 22,96 klokka 09:13.

Publisert: 14.10.2022 09:16

Sist oppdatert: 14.10.2022 09:37

Mer om