Hydrogensatsing gir minustal
Det er Hexagon Composites sin store aksjepost i Hexagon Purus som er forklaringa på underskot i 100-million-klassen.
Hexagon Composites lagar gasstankar og -system for bruk av natur- og biogass som energikjelde.
Produksjonen spenner frå små berbare gassbehaldarar nordmenn brukar til gassgrillar, via drivstofftankar og system for store lastebilar til store, mobile gasstankar som forsyner industribedrifter og anlegg med energi.
Alle tre forretningsområda i Hexagon Compositets hadde vekst og gjekk i pluss på drifta både i 1. halvår og 2. kvartal i år, viser kvartalsrapporten til selskapet.
Hexagon Composites, utan at Hexagon Purus er rekna med, hadde 1,9 milliardar kroner i driftsinntekt og 62 millionar kroner i driftsresultat i 1. halvår 2022. Tilsvarande tal for 1. halvår 2021 var høvesvis 1,4 milliardar kroner og 50 millionar kroner. (Tal medrekna Hexagon Purus kan du lese i tabellen under.)
Hexagon Composites ASA | ||
1. halvår. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 2196,1 | 1480,5 |
Driftsresultat | -187,2 | -98,5 |
Resultat før skatt | -209,0 | -156,6 |
Hexagon Composites ASA | ||
2. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 1180,2 | 788,1 |
Driftsresultat | -101,7 | -60,0 |
Resultat før skatt | -107,7 | -68,4 |
Hexagon Purus lagar tankar og -system for bruk av hydrogen som energiberar. Slår vekstforventingane til vil det selskapet gå i pluss på drifta, før av- og nedskrivinga, i 2025. Kanskje også før, sa Hexagon Purus-sjef Morten Holum til NETT NO då Hexagon Purus la fram sine tal for to dagar sidan.
Hexagon Purus er skilt ut frå Hexagon Composites og børsnotert som eit eige selskap, men Hexagon Composites eig 73,3 prosent av aksjane og konsoliderer Hexagon Purus inn i sitt reknskap.
Begge selskapa har forretningsadresse Ålesund. Flakk-familien i Ålesund er nest største aksjonær i Hexagon Composites.
Publisert: 11.08.2022 08:57
Sist oppdatert: 11.08.2022 09:47