Statnett kart innfelt tor havåg illustrasjon foto statnett kjetil 11
ENORME VARIASJONAR: Dette var spoprisen på elektrisk kraft natt til torsdag. Kraftanalytikar Tor W. Havåg meiner at gassprisen spelar avgjerande rolle. Foto/Skjermdump: Kjetil Haanes/Statnett
Nytt

30 gongar høgare spotpris i sør

Langt høgare straumpris på sør- og austlandet. Mykje av forklaringa ligg i gassprisen.

11.11.2021

Tal frå Statnett viser at første timane etter midnatt natt til torsdag var spotprisen for elektrisk kraft på Nordvestlandet på 2,93 øre/kWh. På same tid var spotprisen på sør- og austlandet 89,81 øre/kWh, altså tretti gongar så høg.

I tillegg til spotpris kjem nettleige og områdeavgift, og då vert ikkje skilanden så stor.

Nye rekordar
Måndag nådde straumprisen i Sør-Norge nye rekordar. Då var timeprisen ein periode over tre kroner kilowatt-timen, og rundt fire kroner inkludert nettleige og avgifter. Då vart det rekna ut at ein normal runde i dusjen i Oslo kosta rundt 20 kroner.

Spotprisen på Nordvestlandet ligg no på rundt 12 øre/kWh, og stor tilførsel av nedbør vil truleg bidra til å halde prisen lav, sjølv om vassmagasina framleis ligg under normalen.

- Ei gasskrise
Kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi viser i siste vekesrapport til at gassprisen er avgjerande.

- Det har vore omtalt som ei energikrise, men mange hevdar dette er mest ei gasskrise. Europeiske politikarar fryktar sosial uro kan utvikle seg til ei politisk krise, skriv Havåg.

Han viser til at omgrepet "Energifattige" vert nytta om hushald ute i Europa som er råka først av covid og inntektsfall og no av høge gass- og energiprisar.

- Mange nyttar gass til oppvarming og til koking. 35 millionar borgarar vert rekna som energifattige i Europa. Energifattige er dei som ikkje har råd til å varme opp husværa sine og som kjem til å fryse denne vinteren.

Trur på meir russisk gass
Havåg viser til at Putin fleire gongar har uttalt at Gazprom vil eksportere større mengder naturgass no frå denne veka og vidare frametter.

- Russarane hadde nedtappa gasslagera sine etter ein hard vinter sist, og har nytta sommaren for å fylle opp lagera med tanke på komande vinter. Når no lagera er fulle er det von om sterkare flyt til Vest-Europa.
I alle høve er det ikkje gassprisen som har halde russarane attende.

- Det har vore fantasiprisar på gass no i oktober, og som vi veit, russarane treng pengane. Vi må tru russarane ikkje spelar sjakk med gassleveringa, men at det er reell mangel på gass som ligg til grunn for den svake leveringa gjennom sommaren. Equinor og den norske stat har i
alle høve tent grovt i haust, skriv Havåg.

Europeiske politikarar fryktar sosial uro kan utvikle seg til ei politisk krise
Tor W. Havåg

Langt under normalen
Ferske tal frå NVE viser samstundes fyllingsgrada i vassmagasina i Noreg framleis er langt under det vanlege, men var noko betre i veke 44 enn veka før.

Noregs vassdrags- og energidirektorats statistikk viser at for landet samla sett er fyllingsgrada 72,2 prosent. Det er 0,8 prosentpoeng høgare enn veka før, men framleis 11,4 prosentpoeng lågare enn medianen for veke 44.

Det er framleis i elspotområde 2 at situasjonen er mest dramatisk. Dette området omfattar sørlege delar av Viken, mesteparten av Vestfold og Telemark, Agder, Rogaland og sørlege delar av Vestland, og her er fyllingsgrada heilt nede på 63,7 prosent. Det er over 20 prosentpoeng lågare enn medianen.

Vindkraftproduksjonen i heile Europa var svært låg gjennom store delar av førre veke, og Noreg eksporterte store mengder straum. I helga auka vindkraftproduksjonen, og Noreg vart derfor nettoimportør av straum.

Publisert: 11.11.2021 09:08

Sist oppdatert: 12.11.2021 11:22

Mer om