Kraftfor sette fyr i debatten
DISKUSJON: Frå venstre: Svein Arne Lie, Geir Pollestad og Ander Felde var usamd i synet på kraftfôrprisar – men samde om at bruken bør bli mindre. Alle var også samde om at det var behov for meir produksjon av gras og protein her til lands – også protein som kan erstatte kraftfôr som blir importert.
Nytt

Kraftfôr sette fyr i debatten

Tidlegare bondelagsleiar tek oppgjer med bruken av kraftfôr og utfordrar norsk landbruk til å krevje auka avgift på soyaimport.

Marius Rosbach
05.02.2020
Haldninga til bruk av kraftfôr i norsk landbruk skapte størst temperatur under Landbrukskonferansen i Ørsta onsdag.
I løpet av dagen fekk deltakarane også høyre Hans Nicolai Hovdenakk fortelje om erfaringane til familiebedrifta. Dei har både til over 200 kyr og kalvar.
Satsinga er typisk for dei som investerer i norsk landbruk; dei som satsar, satsar stort.

Les også:


– Norgesreklamen tilslører

Svein Arne Lie, forfattar og tidlegare leiar i Oppland Bonde- og Småbrukarlag, utfordra bondelaget til å krevje toll på import av soya.
– Det er eit veldig presist og godt verkemiddel, meinte han.
Lie meiner auka bruk av kraftfôr, spesielt frå utlandet, øydelegg for det norske landbruket i klimadebatten.
– Eg meiner vi ikkje er ærlege på kva rolle kraftfôr spelar i det norske landbruket. Når den diskusjonen kjem opp, må svaret frå næringa vere meir presist enn berre «Spis norsk». Eg meiner den norgesreklamen tilslører meir enn den oppklarer, sa Lie under diskusjonen.

– Har ikkje tid til å vente

Lie meiner produksjonsvolumet må ned for kvar enkelt bonde – og at areala som nyttast til dyrking må aukast. For å få til det, peiker han på auka tollsatsar på soya importert frå utlandet. Dyrare kraftfôr meiner han på sikt vil føre til meir proteinproduksjon her til lands.
– Vi har ikkje tid til å surre og tulle som no. Mjølkebruka i Møre og Romsdal har ikkje tid til å vente på ei soyaavgift om fleire tiår, la han til.
Han tok også til orde for ein omlegging av landbruksstøtte til å rette seg meir mot metode – enn volum.

Pollestad vil sjå på tollvern

Stortingspolitikar Geir Pollestad (Sp) som leiar næringskomiteen på Stortinget meinte fokuset til Lie blei for einsidig. Han hadde lita trur å at det var mogleg å få gjennomslag for Lie sine forslag i Stortinget. Pollestad meinte likevel det var noko å «gå på» i høve tollvernet, spesielt på frukt og grønt.
– Importen av mat går til vers, og det er ei utvikling som ikkje er bra. Vi må ta ein diskusjon om korleis vi kan styrke tollvernet, sa Pollestad.
Stortingspolitikaren meiner også det har vore for stort fokus på lukka over heiltidsbonden, betydninga av dei små bruka er undervurdert.

Frykta for dei svakaste

Auka kraftfôrprisar falt ikkje i god jord hos leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag. Han såg gjerne at bruken av kraftfôr går ned, men fryktar auka pris vil råke dei som er svakast stilt frå før.
– Høgra kraftfôrpris vil svekke konkurranseevna til norsk landbruk og mat frå land som Danmark og Tyskland vil fosse inn i Norge, meinte han.
Han trur auka kornpris ved eit tilskott er vegen å gå.
– Det einaste du oppnår ved å legge avgift på soya, er å diskriminere dei minste og mest grisgrendte bruka, som er mest avhengig av soya, svarte Felde til Lie si oppmoding.

Meir om konferansen:


Publisert: 05.02.2020 13:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52