Kraftig fall i oljeboringa
OPPLAG: Seismikkskip på rekke og rad i opplag i Farsund. Oljeselskapa har redusert kraftig leite-og boreaktiviteten, og antal boreoperasjonar er no det lavaste på 20 år. 
Nytt

Kraftig fall i oljeboringa

Globalt vert det bora berre 55.350 brønnar etter leiting av olje i år. Det er det lavaste talet på 20 år.

16.07.2020
Det fastslår analyseselskapet Rystad Energi i .
Selskapet ser på boring både på land og til sjøs, og nedgangen i år er på 23 prosent samanlikna med 2019. Då vart det bora 71.946 brønnar.
Dette er dårleg nytt for alle offshorereiarar, seismikkselskap og andre som er avhengige av høg leite- og boreaktivitet.
Men det er ikkje heilsvart. Rystad reknar med at talet vil gradvis auke, til 61.000 neste år, og litt under 69.000 ved utgangen av 2025.

- Ingen kraftig auke

Grunnen til auken er at Rystad forventar at styresmaktene opphevar reiserestriksjonane på grunn av covid-19, vil oljeetterspørselen auke og dermed også oljeprisen.
Men det vert uansett ingen kraftig auke, ifølgje Rystad.
Størst nedgang forventar Rystad i Nord-Amerika, med meir enn ei halvering av boreaktiviteten i høve til 2019. Analyseselskapet forventar også kraftige fall i Afrika og Russland.

Reduserte investeringar

Også for salet av boreutstyr er det stor nedgang, og Rystad forventar 25 prosent lavare sal i år enn i fjor, frå 16 milliardar USD i 2019 til berre 10 milliardar USD i år.
For oljeboring på land forventar Rystad at salet av oljeutstyr vil auke 7 prosent årleg fram til 2025, men for sjøsida forventar ein ikkje særleg auke fram mot 2025.
Unntaket er Norge, der Rystad ser for seg ein auke i satsinga på oljeboringsutstyr, spesielt på grunn av oljefelta Troll, Balder/Ringhorne og Johan Sverdrup.

Publisert: 16.07.2020 08:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59