Kjell Krumsvik
MINDRE VENTING: Leveringstida for ny bil er ikkje nede på før-korona-nivå, men bilindustrien har mindre problem med forsyningslinene fortel dagleg leiar Kjell Krumsvik i Volda Bil. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kraftig kutt i leveringstidene

Kjell Krumsvik i Ørsta Bil trur bilsalet vil gå litt ned i år.

26.05.2023

På det verste måtte kundane vente eitt og eit halvt år på å få levert elbilmodellen Nissan Ariya. No er forseinkingane i forsyningslinene i bilindustrien mindre, og ventetida nede i fire til seks månadar. For elbilen Ford Mustang er ventetida omlag halvert, til seks til åtte månadar.

Om det ikkje er så nøye med modell, farge og utstyr er det råd å få bil kjapt, fortel dagleg leiar Kjell Krumsvik i Nissan og Ford-forhandlarane Ørsta Bil.

Moms og vektavgift
På slutten av fjoråret prøvde bilforhandlarane å få så mange bestilte bilar som råd ut av dørene for at kundane skulle sleppe avgiftsauken på tyngre bilar og momsen på elbilpris over 500.000 kroner.

Det forstyrra samanlikningsgrunnlaget mellom 2023 og 2022, men Krumsvik reknar no med ein liten nedgang i inntektene for bilforhandlarane i år samanlikna med i fjor. Folk vil ha litt erfaring med effekten av renteauken, ein del vil difor vente med bilkjøp i år.

Største eigar
Krumsvik er største eigar (23,6 prosent) av Ørsta Bil gjennom selskapet Smiebakken.

Styreleiar og salssjef Cato Eiksund Rogne eig 19,8 prosent og servicemarknadsjef Arne Henrik Østgaard og verksmeister Johannes Arne Sporstøl eig 16,9 prosent kvar.

Ørsta Bil as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt90,295,0
Driftsresultat3,95,0
Resultat før skatt3,84,9

Publisert: 26.05.2023 09:00

Sist oppdatert: 26.05.2023 08:58

Mer om