Erna Solberg Roger Lunde foto Ogne
MEIR MØBLAR I KORONATIDA: Ekornessjef Roger Lunde intervjua av statsminister Erna Solberg under hennar besøk hausten 2020.
Nytt

Kraftig opptur for Ekornes

Auka inntektene med 24 prosent i fjerde kvartal.

25.02.2021

Tidleg i fjor vår var Sykkylven på arbeidsløysetoppen i Noreg på grunn av store permitteringar hos møbelprodusenten Ekornes.

Snart var alle tilsette tilbake på jobb og utover hausten starta selskapet den største oppbemanninga på lang tid.

Ved årskiftet hadde konsernet 2846 tilsette, 40 prosent av dei i Noreg.

Les børsmelding her

Tala til Ekornes QM Holding, eigarselskapet til Ekorneskonsernet, viser ein inntektsvekst på 10 prosent frå 2019 til 2020. For fjerde kvartal 2020 samanlikna med fjerde kvartal 2019 er det snakk om ein inntektsvekst på 24 prosent.

(artikkelen held fram under tabellen)


Ekornes QM Holding as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter34823169
Driftsresultat363235
Resultat før skatt178127
Ekornes QM Holding as
4. kvartal. I mill. kroner20202019
Driftsinntekter1121901
Driftsresultat19656

Resultat før skatt

127-10

Pussa opp og kjøpte nytt
Både nordmenn og utlendingar pussa opp og kjøpte nye møblar i koronatida.

Salet at Stressless-stolar og -sofaer, som stor for 72 prosent av Ekornes-konsernet sine inntekter i fjor, auka med 6 prosent frå 2019 til 2020. IMG, det andre møbelmerket i konsernet, auka med 22 prosent og Svane-madrassen med 26 prosent.

Ventar nedgang
Når koronakrisa ebbar ut ventar Ekornes at møbeletterspørselen blir dempa.

Erfaringane frå handteringa av koronakrisa, nye modellar, auka salsinnsats både i eksisterande og nye marknadar og auka produksjonskapasitet, gjer at konsernet meiner det er godt rusta til å handtere også tida etter krisa.

Publisert: 25.02.2021 09:16

Sist oppdatert: 25.02.2021 10:32

Mer om