Kjetil Aaarseth foto Anne Marthe Vestre Berge 11 f15bbfde3dc1a14012b0b5f628033328
POPULÆRT: Salsinntektene til Atlanterhavsparken har auka nesten kvart år sidan starten, og inntektsveksten skaut fart frå 2020. Kjetil Aarseth tok over som administrerende direktør i 2023. Foto: Anne Marthe Vestre Berge
Nytt

Kraftig vekst for Atlanterhavsparken

Har nesten dobla salsinntektene på fem år. Halar innpå Bergen.

26.05.2025

Det er billettinntekter og andre salsinntekter som er heile forklaringa på inntektsveksten til Atlanterhavsparken i Ålesund både i fjor og frå 2020.

Samanlikna med 2019, det siste året før koronapandemien kom, har salsinntektene auka med 92 prosent.

Av 57,7 millionar kroner i drifsinntekt utgjorde salsinntektene 40,8 av 57,7 millionar kroner i samla inntekt for Atlanterhavsparken.

Nærmar seg Bergen
Inntektsveksten i Ålesund gjer at Atlanterhavparken halar innpå Akvariet i Bergen, målt etter inntekt. 

Akvariet i Bergen har ikkje offentleggjort 2024- tala enno, men hadde 45 millionar kroner i salsinntekt i 2023, opp ein million kroner frå 2022. 

Frå 2022 til 2023 auka Atlanterhavsparken salsinntektene frå 29 til 36 millionar kroner.

24 millionar kroner i investeringar
Atlanterhavsparken har betra lønsemda med auka inntekter (sjå tabell) og har solid økonomi, ifølgje årsmeldinga for 2024. 

I løpet av 2025 og 2026 er det budsjettert med investeringar på 24 millionar kroner. 

Stiftinga sysselsette 31 årsverk i fjor. 

Stiftelsen Atlanterhavsparken- Norges nasjonale akvarium  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt57,752,7
Driftsresultat6,77,9
Resulta før skatt7,18,1
Podium

E26/S2 Korleis kan reiselivet skape enda større verdiar?

Publisert: 26.05.2025 09:01

Sist oppdatert: 26.05.2025 09:01

Mer om