Boatlabs
BOATLABS: Godt fjorår for Jens Erik Urke og Eldar Holm i Boatlabs. Arkivfoto: Kristin Vidhammer
Nytt

Kraftig vekst for Boatlabs

Beste år sidan starten for det maritime konsulent- og rådgivingsselskapet.

26.04.2023

Eldar Holm etablerte selskapet Boatlabs i 2007. Selskapet er registrert i Ulsteinvik, men har sin daglege hovudaktivitet i Ålesund. I tillegg har ein etablert eit eige dotterselskap i USA og har partnerar i Nigeria.

Selskapet har ei rekke av dei store reiarlaga og verfta på kundelista, men er også inne hos oljeselskap og maritim leverandørindustri.

Boatlabs sysselsette i fjor 13 årsverk. Dei tilbyr ikkje berre konsulentbistand og prosjektstyring på nybygg og eksisterande fartøy, men også konsulentbistand når det gjeld val av viktig utstyr som rørkablar, kraner, tårn og gangvegar.

Digital satsing
Selskapet har siste åra satsa stort på utvikling av digitale løysingar, og fleire store kundar har tatt i bruk løysingane på skip rundt om i verda.

I 2019 gjekk selskapet på ein smell, med eit resultat før skatt på nesten to millionar kroner i minus. Siste to åra har derimot vore gode, der 2022 var rekordår med 18,2 millionar kroner i omsetning, og eit resultat før skatt på 2,6 millionar.

Eldar Holm eig 80 prosent av selskapet, medan Jens Erik Urke eig 20 prosent.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 3,6 millionar kroner, og det tilsvarande i langsiktig gjeld.

Boatlabs
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 18,2 12,8
Driftsresultat 2,9 1,1
Resultat før skatt 2,6 0,8

Publisert: 26.04.2023 09:12

Sist oppdatert: 26.04.2023 09:19

Mer om