Kraftig vekst for Finnoey Gear Propeller
VEKST: Gir- og propellprodusenten Finnøy Gear & Propeller på Finnøya, lengst nord i nye Ålesund kommune, aukar bemanninga og ventar at 2020 blir like godt som 2019.
Nytt

Kraftig vekst for Finnøy Gear & Propeller

Har dobla inntektene etter at etterspørselen frå offshorereiarlaga tørka inn.

24.08.2020
For ti år sidan utgjorde leveringar til offshorereiarlag 70-80 prosent av inntektene for Finnøy Gear & Propeller, seier dagleg leiar og medeigar Nils Erling Finnøy. Med oljeprisfallet i 2014 tørka denne marknaden inn, men selskapet har likevel greidd å meir enn doble inntektene frå 2013 til i dag.
No er det gir og propellar til fiske- og havbruksfarty som dominerer, og eksportandelen i fjor var omlag 70 prosent. Driftsinntektene på 127,3 millionar kroner var ny rekord, og lønsemda ei av det beste selskapet har hatt i nyare tid.(Sjå også tabell - på mobil finn du den nederst på sida).
- Vi trur av vi landar omtrent på det same, seier Finnøy om korleis 2020-reknskapen kjem til å sjå ut samanlikna med 2019.

Fleire folk

I fjor hadde selskapet 54 tilsette, og arbeidstokken veks.
- Vi tilset fleire enn kva som pensjonere seg, seier Finnøy.
På heimebane har selskapet konkurrentar som Nogva Heimdal, Brunvoll og Kongsberg Maritime, frå utlandet Man og Wärtsila.

Familieselskap

Finnøy Gear & Propeller er eit famileeigd selskap. Anlegg og hovudkontor ligg Finnøya og selskapet har historie tilbake til 1884.
Dei 12 familemedlemane som er medeigarar eig selskapet gjennom Nils N. Finnøy Motorfabrik as. Nils Erling Finnøy er største aksjonær, med 24,9 prosent av aksjane.
Vi tilset fleire enn kva som pensjonere seg

Publisert: 24.08.2020 11:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01