Salmon Evolution ventar å slakte 6000-6500 tonn laks i år, mot 4891 tonn i år, fortel selskapet i kvartalsrapporten per 4. kvartal 2024.
Heile produksjonsauken skal kome frå første byggesteg av det landbaserte anlegget i Indre Harøy på Romsdalskysten.
Bygginga av andre byggesteg er i rute, og planen er å sette ut smolt der i løpet av første kvartal 2026.
Selskapet meldte i fjor haust at det valde å ikkje slakte så mange laks som planlagt i førre periode. Målet var å la fisken vekse seg større, og satse på høgare prisar i fjerde kvartal.
Det lukkast dei med, og gjennomsnittsprisen i fjerde kvartal 2025 vart kring 82 kroner per kilo, ifølgje børsmeldinga. Prisen i førre kvartal var 71,60 kroner per kilo.
Salmon Evolution ASA | ||
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 471,6 | 168,4 |
Driftsresultat | -15,2 | -110,4 |
Resultat før skatt | -47,4 | -145,8 |
Salmon Evolution ASA | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 149,5 | 88,9 |
Driftsresultat | -21,8 | -35,9 |
Resultat før skatt | -26,9 | -50,9 |
Publisert: 11.02.2025 07:02
Sist oppdatert: 11.02.2025 09:37