Salmon evolution forste byggetrin indre haroy foto salmon evolution 11
NYTT BYGGETRINN: Her på Indre Harøy planlegger Salmon Evolution å sette i gang med byggetrinn nummer to ved det landbaserte oppdrettsanlegget. Foto: Salmon Evolution
Nytt

Doblar anlegg for landbasert oppdrett

Salmon Evolution gir grønt lys for nytt byggetrinn. Sikrar milliardoppdrag for leverandørar.

Marius Rosbach
26.06.2024

Salmon Evolution har bestemt seg for å gå vidare med byggetrinn to for sitt landbaserte oppdrettsanlegg på Indre Harøy.

Det kjem fram i ei børsmelding onsdag kveld.

Selskapet vil dermed dobla kapasiteten i anlegget frå 7.900, til 18.000 tonn hovudkappa og sløyd laks i året.

Meldinga kjem veka etter at Salmon Evolution gjennomførte ei kapitalinnhenting der dei fekk inn 365 millionar kroner. I tillegg har dei auka lånemoglegheitene frå bankar med 675 millionar.

Oppdrag i milliardklassa til leverandørar
I meldinga blir det opplyst at Salmon Evolution samtidig har signert avtaler med Artec Aqua og Hent for byggefasen. Artec Aqua skal stå for anlegget, medan entreprenørselskapet Hent skal stå for sjølve bygginga.

Avtalen inneberer oppdrag i milliardklassa for Artec Aqua, som er eit datterselskap i det børsnoterte Endúr-konsernet. Seinare onsdag kveld stadfesta Endúr i ei børsmelding avtalen og verdien på oppdraget på kring éin milliard.

Ålesund-selskapet er spesialistar på å teikne og prosjektere landbaserte oppdrettsanlegg. Arbeidet med første byggesteg i Indre Harøy er det hittil største oppdraget dei har hatt.

Salmon Evolution har tidlegare anslått at andre byggesteg vil koste omlag 2,2 milliardar kroner. Det er også planlagt eit tredje byggetrinn som skal vere dobbelt så stort som dei to første byggetrinna. Artec Aqua har også intensjonsavtale om å levere anlegget til denne utvidinga.

– Grunnlag for betydeleg lønnsam vekst
På slutten av fjoråret kunne Salmon Evolution vise fram tal som første gong nådde «break even» for drifta I Noreg.

Første kvartal i år viste eit overskot på drifta for heile selskapet, etter inntekter på meir enn 100 millionar i perioden, ifølgje kvartalsrapporten.

– Vi skaper nå et grunnlag for betydeleg lønnsam vekst, og med fase to i full drift vil vi ha ein sterk plattform som genererer kontantstraum med betydeleg årleg investeringskapasitet, uttaler administrerande direktør Trond Håkon Schaug-Pettersen i Salmon Evolution.

Håpar på full drift i 2026
Målet for andre byggetrinn er å sette ut den første laksen i anlegget i første kvartal 2026 og vere i full drift i løpet av det året.

Andre byggesteg er i utgangspunktet ein kopi av første byggesteg, men får i tillegg fire mindre tankar der fisk frå selskapet sitt smoltanlegg skal settast ut og vekse frå 130 til 350/400 gram, før den blir sett ut i dei større tankane.

Ved å gjere det på denne måten kan produksjonen i andre byggesteg aukast frå seks til åtte utsett i året. Det vil meir enn doble produksjonskapasiteten samanlikna med produksjonskapasiteten Salmon Evolution har i dag.

Publisert: 26.06.2024 18:53

Sist oppdatert: 27.06.2024 00:32

Mer om