NPK-NTB: Grunnen til fykta er at regjeringa har bedt eit utval sjå på heile skattesystemet for norsk vasskraft.
Kraftkommunane fryktar dei vil tape når innstillinga kjem 1. oktober og reformivrige politikarar går laus på skattesystemet. Til saman tener dei 175 kommunane mellom 4 og 6 milliardar kroner i året på vasskraftanlegga.
Pengane blir brukte til å gjere det attraktivt å bu i distrikta, seier Hanne Alstrup Velure, Høgre-politikar frå Lesja og representant for organisasjonen til kraftkommunane LVK.
– Eg er redd for korleis landet elles hadde sett ut, viss vi ikkje hadde hatt dette skatteregimet. Det har vore genialt, seier ho.
– Vi vil ikkje røre ved ordningane for vasskraft. Ideane herifrå bør heller overførast til til dømes vindkraft, seier Velure, som leiar arbeidsutvalet i LVK.
Velure er òg sentralstyremedlem i Høgre. Ei av hjartesakene hennar er at kommunar må ha rett til å tene på at dei stiller område og naturressursar til rådvelde, enten det er vatn, vind eller fjordar til lakseoppdrett.
At lokalsamfunn ser fordelar av inngrepa, er heilt avgjerande for å få aksept for dei, argumenterer Velure, som meiner mykje av motstanden mot vindkraftutbygging i Noreg kjem av at kommunane ikkje ser kva dei tener på det.
Ho peikar på at også regjeringa i Granavolden-plattforma seier at utnytting av naturressursar må gi positive ringverknader for lokalsamfunna, ein idé det er lang historisk tradisjon for i Noreg.
Vesle Bykle i Aust-Agder blir ofte trekt fram. Kommunen med under tusen innbyggarar tente 122 vasskraftmillionar i fjor, ifølgje Fædrelandsvennen. Med kraftpengane har innbyggarane fått svømmehall, to kulturhus og gratis treningsrom på skigymnaset.
Det er ikkje urettferdig, meiner advokat Stein Erik Stinessen, som er juridisk rådgivar for vasskraftkommunane i LVK. Han har sete i fleire offentlege utval som tidlegare har gått gjennom rammene for norsk vasskraft.
At nokre kommunar har ein foss, er ikkje meir urettferdig enn at Bærum kommune tener på at folk ønsker å bu landleg nært Oslo, meiner Stinessen.
– Økonomane kallar det plasseringsrente, forklarer han og nemner skatteinntekter frå hamnedrift som eit anna døme.
Kraftbransjen sjølv har berre peika på éi av skatteordningane, nemleg høg grunnrenteskatt, som årsak til at investeringar ikkje lønner seg. Denne går rett til staten, saman med selskapsskatten.
Kommunane får på si side eigedomsskatt, og deler naturressursskatt, konsesjonsavgift og inntekter frå ein liten del av kraftsalet (konsesjonskraft) med fylket.
Kraftskatteutvalet, leidd av Per Sanderud, skal ifølgje ikkje sjå på fordelinga av skatteinntektene mellom stat, kommune og fylke. Det Stinessen og Velure bekymrar seg for, er kva rikspolitikarane gjer i Finansdepartementet og Stortinget.
– Vi forventar at ein tar på alvor det som er sagt i regjeringserklæringa om å styrke verdiskapinga lokalt og det lokale sjølvstyret. Då må ein ikkje byrje å gjere det motsette, seier Velure.
Kraftkommunane fryktar dei vil tape når innstillinga kjem 1. oktober og reformivrige politikarar går laus på skattesystemet. Til saman tener dei 175 kommunane mellom 4 og 6 milliardar kroner i året på vasskraftanlegga.
Pengane blir brukte til å gjere det attraktivt å bu i distrikta, seier Hanne Alstrup Velure, Høgre-politikar frå Lesja og representant for organisasjonen til kraftkommunane LVK.
– Eg er redd for korleis landet elles hadde sett ut, viss vi ikkje hadde hatt dette skatteregimet. Det har vore genialt, seier ho.
Svensk skrekkdøme
Velure viser til Sverige, der store område er fråflytta, og meiner kraftinntektene har hindra at det same skjer i Noreg.– Vi vil ikkje røre ved ordningane for vasskraft. Ideane herifrå bør heller overførast til til dømes vindkraft, seier Velure, som leiar arbeidsutvalet i LVK.
Velure er òg sentralstyremedlem i Høgre. Ei av hjartesakene hennar er at kommunar må ha rett til å tene på at dei stiller område og naturressursar til rådvelde, enten det er vatn, vind eller fjordar til lakseoppdrett.
At lokalsamfunn ser fordelar av inngrepa, er heilt avgjerande for å få aksept for dei, argumenterer Velure, som meiner mykje av motstanden mot vindkraftutbygging i Noreg kjem av at kommunane ikkje ser kva dei tener på det.
Ho peikar på at også regjeringa i Granavolden-plattforma seier at utnytting av naturressursar må gi positive ringverknader for lokalsamfunna, ein idé det er lang historisk tradisjon for i Noreg.
– Ikkje urettferdig
Dei som ikkje er så heldige å bu i ein kraftkommune, kan meine at det er urettferdig at nokon skal sitje igjen med så store inntekter. Andre kommunar slit for å halde grendeskulane opne og gi gamle omsorga dei treng.Vesle Bykle i Aust-Agder blir ofte trekt fram. Kommunen med under tusen innbyggarar tente 122 vasskraftmillionar i fjor, ifølgje Fædrelandsvennen. Med kraftpengane har innbyggarane fått svømmehall, to kulturhus og gratis treningsrom på skigymnaset.
Det er ikkje urettferdig, meiner advokat Stein Erik Stinessen, som er juridisk rådgivar for vasskraftkommunane i LVK. Han har sete i fleire offentlege utval som tidlegare har gått gjennom rammene for norsk vasskraft.
At nokre kommunar har ein foss, er ikkje meir urettferdig enn at Bærum kommune tener på at folk ønsker å bu landleg nært Oslo, meiner Stinessen.
– Økonomane kallar det plasseringsrente, forklarer han og nemner skatteinntekter frå hamnedrift som eit anna døme.
Fryktar reformiver
Hovudoppdraget til kraftskatteutvalet er å vurdere om systemet hindrar lønnsame investeringar som gjer at Noreg kan produsere endå meir fornybar vasskraft. Bransjeorganisasjonen har bedt om at skattefrådrag for lånekostnader blir auka for å senke terskelen for å investere.Kraftbransjen sjølv har berre peika på éi av skatteordningane, nemleg høg grunnrenteskatt, som årsak til at investeringar ikkje lønner seg. Denne går rett til staten, saman med selskapsskatten.
Kommunane får på si side eigedomsskatt, og deler naturressursskatt, konsesjonsavgift og inntekter frå ein liten del av kraftsalet (konsesjonskraft) med fylket.
Kraftskatteutvalet, leidd av Per Sanderud, skal ifølgje ikkje sjå på fordelinga av skatteinntektene mellom stat, kommune og fylke. Det Stinessen og Velure bekymrar seg for, er kva rikspolitikarane gjer i Finansdepartementet og Stortinget.
– Vi forventar at ein tar på alvor det som er sagt i regjeringserklæringa om å styrke verdiskapinga lokalt og det lokale sjølvstyret. Då må ein ikkje byrje å gjere det motsette, seier Velure.
Publisert: 30.09.2019 14:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39