Kraftpris
STUP: Kraftprisen i Midt-Norge stuper. Dette er prisen torsdag klokka 12:45. Dei blå pilane viser kraftflyten. Skjermdump: Statnett
Nytt

Kraftprisen stuper

Enorme nedbørsmengder er godt nytt for kraftkundane. Spotprisen stuper i Midt-Norge.

14.10.2021

Kraftig regn i nordvest har ført til at spotprisen på elektrisk kraft stuper i Midt-Norge. Tal frå Statnett viser at elspotprisen klokka 12:45 torsdag var på 17,41 øre kWh. Dette er ein tredjedel av spotprisen for to veker sidan.

Snittprisen sist veke låg på 42,1 øre kWh, og på 43,1 øre kWh i veka før.

Høge prisar lenger sør
Men i resten av landet er det framleis høg straumpris. Sør for Sognefjorden og på Sør- og Austlandet ligg spotprisen no på 105,00 øre kWh. Endå verre er situasjonen andre stader i Europa, slik som i Baltikum. Der er spotprisen no på 189,93 øre kWh.

I tillegg til sjølve kraftprisen må forbrukarane også betale nettleige og avgifter. I 2. kvartal i år låg gjennomsnittsprisen for forbrukarane på 116,1 øre kWh, opplyser Statistisk Sentralbyrå.

50,9 øre av dette var kraftpris, medan 26,9 øre var nettleige og 38,3 øre avgifter.

Enorme variasjonar i gassprisen
Prisvariasjonane på elektrisk kraft er enorme. Det gjeld også prisane på europeisk gass. Onsdag sist veke var vintergass (Q1-22) omsett til 160 euro pr. MWh, torsdag berre 80 euro. Til samanlikning var prisen berre 16 euro for eitt år sidan.

Det skriv kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi i si siste vekesoppdatering.

Mange verksemder kan ikkje produsere med slike energiprisar
Tor W. Havåg

Avhengig av russisk gass
Havåg viser til at gjennom mange år var russisk gass levert på faste kontraktar til oljerelatert pris, men desse kontraktane vart dyre jamført med spot. Stadig fleire kundar i Europa har i dag gått over til spotkjøp. Dette gjer at europeisk kraftforsyning, som er stadig meir gassbasert, har vorte ekstra sårbar.

- Dei voldsomme gassprisane slår no inn i den europeiske kraftmarknaden. Samla sett har Russland levert minst like mykje gass i år som tidlegare år. Russiske Gazprom leverer i tråd med inngåtte kontraktar, men spotmarknaden er inga forplikting.

- Etter ein hard vinter, har russarane i sommar prioritert å fylle opp eigne lager og sikre eigen energiforsyning til vinteren. Likevel då Putin kunngjorde at Russland står klar til å forsyne Europa, men ikkje noko konkret nytt, fell gassprisen raskt til det halve, skriv Havåg.

Han viser til at gassprisar på 160 euro er langt over det europeisk industri kan tole.

- Mange verksemder kan ikkje produsere med slike energiprisar, slik at nedjustert etterspurnad uansett vil korrigere ned marknadsprisen på gass og kraft.

Publisert: 14.10.2021 12:26

Sist oppdatert: 14.10.2021 12:50

Mer om