Inntektene frå Tussa sin eigen kraftproduksjon fall frå 167 millionar kroner i første tertial 2019 til 75 millionar kroner i første tertial i år. (Eit tertial er fire månader). Resultatet før skatt for kraftproduksjonen gjekk frå 97 millionar kroner i pluss i første tertial 2019 til minus 29 millionar kroner i første tertial 2020.
I fjor var kraftproduksjonen den store pengemaskina for Tussa. I år gjer låge kraftprisar at resultatet før skatt for konsernet fell frå 118,6 i første kvartal 2019 til 23,9 millionar kroner i første tertial 2020 (sjå tabell).
Grunnen til at kraftinntektene er meir enn halvert er først og fremst prisfallet på kraft. I første kvartal i fjor var spotprisen i Tussa i sitt område 43,8 øre/kWh, i første tertial i år 13,1 øre/kWh.
Selskapet tolkar utvikling som eit teikn på at det no er større produksjon enn etterspørsel.
Det er ikkje mange nok som vil bruke all elektrisiten: "Det kan vere ein indikasjon på at det grøne skiftet er raskare og enklare å få til på tilgangssida enn på forbrukssida i Skandinavia.", skriv selskapet i tertialrapporten, og ønskjer seg "at utvekslingskablar blir realiserte for sikre tilfredsstillande samfunnsøkonomiske resultat av dei store investeringane som er gjort i kraftsektoren."
Det fekk kommunane, som til saman eig 85 prosent av aksjane i Tussa, til å protestere. Dei hadde alt budsjettert med utbyttet og kom i økonomisk klemme om pengane ikkje kom. Striden løyset seg i førre veke. Tussa betaler ut 42 millionar kroner i utbytte no, og kommunane gir klarsignal for ei kapitalutviding på 60-70 millionar kroner seinare.
I fjor var kraftproduksjonen den store pengemaskina for Tussa. I år gjer låge kraftprisar at resultatet før skatt for konsernet fell frå 118,6 i første kvartal 2019 til 23,9 millionar kroner i første tertial 2020 (sjå tabell).
Grunnen til at kraftinntektene er meir enn halvert er først og fremst prisfallet på kraft. I første kvartal i fjor var spotprisen i Tussa i sitt område 43,8 øre/kWh, i første tertial i år 13,1 øre/kWh.
Vi ha fleire utanlandskablar
Det store prisfallet på kraft skuldast at fleire faktorar har endra seg i negativ lei samstundes, sett frå kraftprodusentane si side, i følgje tertialrapporten til Tussa-konsernet.Selskapet tolkar utvikling som eit teikn på at det no er større produksjon enn etterspørsel.
Det er ikkje mange nok som vil bruke all elektrisiten: "Det kan vere ein indikasjon på at det grøne skiftet er raskare og enklare å få til på tilgangssida enn på forbrukssida i Skandinavia.", skriv selskapet i tertialrapporten, og ønskjer seg "at utvekslingskablar blir realiserte for sikre tilfredsstillande samfunnsøkonomiske resultat av dei store investeringane som er gjort i kraftsektoren."
Betaler utbytte
Prisfallet på kraft og utsikter til låge prisar framover gjorde at Tussa i vår varsla eigarane om at selskapet tilrådde å ikkje ta ut utbytte etter 2019. (Ordinært utbytte blir utbetalt etter reknskapsåret)Det fekk kommunane, som til saman eig 85 prosent av aksjane i Tussa, til å protestere. Dei hadde alt budsjettert med utbyttet og kom i økonomisk klemme om pengane ikkje kom. Striden løyset seg i førre veke. Tussa betaler ut 42 millionar kroner i utbytte no, og kommunane gir klarsignal for ei kapitalutviding på 60-70 millionar kroner seinare.
Publisert: 15.06.2020 14:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58