Krav paa 354 4 millionar etter Barreras brot
VANSKLEG Å SEGLE MED: Så langt var Barreras kome med seksjonane til Havila Kystruten då verftet kansellerte kontrakten i november 2019. Ei urettmessig kansellering, sa Havila Kystruten-direktør Arild Myrvoll. Reiarlaget har gått til sak for å få tilbakebetalt forskot.
Nytt

Krav på 354,4 millionar etter Barreras-brot

Havila Kystruten betalte 345,4 millionar kroner i forskot til det spanske verftet Barreras for skip selskapet aldri fekk. 

23.10.2020

Havila Kystruten har ei forsikring mot kansellering av kontrakten, og har gått til sak for å forskotet attende. Saka skal gå i London.

Les også: - Barreras har brukt våre pengar på andre prosjekt

Barreras skulle bygge to av dei fire skipa Havila Kystruten skal segle mellom Bergen og Kirkenes, i samsegling med konkurrenten Hurtigruten ASA. Dei to selskapa delte på oppdraget i anbodskonkurransen om å segle den tradisjonsrike gods- og passasjerruta frå 1. januar 2021.

Forseinka
Barreras kansellerte kontrakten med Havila Kystruten 24. november 2019. Havila Kystruten meiner kanselleringa var grunnlaus og at Barreras ikkje hadde rett til å kansellere. 11. februar i år kansellerte Havila Kystruten kontrakten med Barreras, og har tatt ut søksmål for å få forskotet på 345,4 millionar kroner attende, går det fram av årsrapporten til Havila Kystruten.

Bygging av skipa blei flytta til Tersan Shipyard i Tyrkia, som også bygger dei to andre skipa Havila Kystruten skal ha.

Ingen av dei fire skipa blir klare til 1. januar, når avtalen om å segle Bergen-Kirkenes tek til å gjelde. To skip blir levert tidleg i 2021, dei to neste omlag eitt år etter.

Ber om å sleppe innleige
Då det blei klart at Barreras ikkje kom til å levere skip til Havila Kystruten som planlagt gjekk Havila Kystruten ut i marknaden for å leige erstatningsfartøy inntil nye skip var klare.

Les meir: Havila Kystruten har forhøyrt seg om desse skipa

Nyleg bad Havila Kystruten om å sleppe å leige inn skip frå 1. januar. Konkurrenten Hurtigruten ASA har redusert sine seglingar på grunn av konsekvensane av koronaepidemien og Havila Kystruten meiner etterspørselen er redusert så kraftig at det ikkje er behov for å leige inn erstatningsskip.

Les også: Havila Kystruten vil sleppe å leige skip

Vektproblem
"Det har oppstått utfordringer med designet knyttet til vekt og dypgang. Det har resultert i stans i produksjonen hos Barreras.", skreiv Havila Kystruten i ei pressemelding 16. august 2019.

Det var den første meldinga om at skipa kunne blir forseinka.

I Tyrkia er vekta letta ved å bytte ut stål med aluminium i to etasjar i overbygget.

Skipa er designa av Havyard Design & Solutions, eit datterselskap av Havyard Group. Sævikfamiliens selskap Havila Holding er største eigar i Havyard Group og eigar av Havila Kystruten.

Ps: Havila Kystruten er 100 prosent eigd av Havila Holding, som igjen eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media - utgivarselskapet bak NETT NO.


Publisert: 23.10.2020 08:45

Sist oppdatert: 06.07.2022 13:13

Mer om