Stranda Fjellgrend hadde ein tvist med betongentreprenøren Søvik & Skåravik då det vart opna konkurs i Stranda Fjellgrend i september i år.
Stranda Fjellgrend har i fleire år vore ein av dei største utbyggarane av fritidsbustadar på Strandafjellet.
Striden gjeld betaling for utført arbeid, som Søvik & Skåravik meiner selskapet har krav på.
Kravet er på 4,3 millionar kroner og at Stranda Fjellgrend i tillegg dekkjer Søvik & Skåravik sine sakskostnadar på 352.628,92 kroner.
Konkurs etter søksmål
Søvik & Skåravik tok ut søksmål før det vart opna konkurs i Stranda Fjellgrend. Konkursbuet har ikkje gått inn i tvisten og det ligg ikkje an til at partar som representerer Stranda Fjellgrend møter.
I staden for tre dagar i retten, som det opphavleg var lagt opp til, er det mest sannsynleg utfallet av rettsaka denne veka blir kort og endar med ein såkalla uteblivelsesdom. Dommen vil ikkje endre Søvik & Skåravik sin plass på lista over kreditorar med krav i buet.
Krympa aktivitet
47 krav på tilsaman 36,9 millionar kroner. Det er situasjonen etter konkursen i Stranda Fjellgrend.
Långivar, Sparebank1 SMN, har eit samla krav på 22 millionar kroner, med pant i seks fritidsbustadar, varelager og utstyr.
Resten av kreditorane kan ikkje rekne med å få att noko, ifølgje den mellombelse innberetninga frå bustyrar Cathrin Myre Skram.
For nokre år sidan selde Stranda Fjellgrend hytter for meir enn 40 millionar kroner årleg. Dei siste åra har det vore betydeleg mindre aktivitet.
Ifølgje det siste offentlege rekneskapen frå 2022 hadde firmaet ei omsetning på knapt ein halv million og eit underskot på kring halvannan million. Eigenkapitalen var på kring 2,6 millionar ved utløpet av det året og den samla gjelda på 14,4 millionar kroner.
Det er Jan Arvid Berge, Vidar Mork og Frode Mork som har vore eigarar av selskapet med ein tredjedel kvar.
Publisert: 04.11.2024 09:24
Sist oppdatert: 04.11.2024 21:38