Ber om at Enova blir instruert
Norske Skipsverft ber regjering instruerer Enova til å snu, og gi støtte til landstraumanlegg også hos skipsverfta.
Dagens praksis - der skipsverft ikkje får støtte til å installere anlegg som kan forsyne skip med straum frå land- er meiningslaus.
Det skriv sal- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft i eit brev til Klima- og miljødepartementet. Norske Skipsverft viser mellom anna til ein NETT NO-artikkel om at skipsverft ikkje er kvalifisert for støtte til landanlegg.
Poenget med straum frå land er at skip som ligg ved kai for vedlikehald og utbetringar kan slå av motorane, og dermed unngå utslepp av eksos.
"Klima- og miljødepartementet må ta inn over seg at verftsindustrien – skip under reparasjon og bygging – er et viktig ledd i det grønne maritime skiftet. Svært mange av de fartøyene vi har inne til reparasjon/bygging kan benytte seg av landstrøm. Trenden er helt tydelig, og behovet økende.", skriv Norske Skipsverft i brevet, som er ført i pennen av administrerande direktør Asle Strønen.
Han ber departemente om på instruere Enova om å kome verfta i møte.
Stor investering
Hos Myklebust Verft i Sande er eitt landstraumsanlegg allereie sett opp. Planen er å få på plass tre slike anlegg, ei ved kvar kai, slik at alle skip ved verftet kan koplast på landstraum. Investeringa er på 6-7 millionar kroner.
- For oss er det ei stor investering, og eg trudde at vi til liks med dei fleste andre kunne få støtte med Enova. Men nei, alle ser ut til å få støtte, men ikkje skipsverft, sa Myklebust Verft-sjef Inge-Johnny Hide til NETT NO i førre veke.
Publisert: 10.05.2021 11:22
Sist oppdatert: 14.05.2021 10:00