20210504 140806
LANDSTRAUM: Sanco Spirit var første skipet som knytte seg på Myklebust Verft sitt nye landstraumanlegg. Inge-Jonny Hide forstår ikkje at Enova utelet skipsverft frå si omfattande støtteordning til nye landstraumanlegg. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Alle får støtte til landstraum, men ikkje verft

Myklebust Verft-sjefen forstår ikkje logikken. Dagens praksis er absurd, meiner Asle Strønen i Norske Skipsverft. Enova held på sitt.

07.05.2021

- Her vert mindre forureining og mindre støy. Dette er positivt for dei tilsette, for mannskapa på båtane og for heile bygda. Men nei, vi får ikkje støtte til landstraum, sier dagleg leiar Inge-Jonny Hide til NETT NO.

Han er frustrert etter at verftet ikkje får støtte med Enova for sin satsing på landstraum ved verftet.

Vil ha tre anlegg
Nyleg vart første anlegget tatt i bruk, eit anlegg som kan levere 60/50 Hz frekvens, 400, 440 eller 690 Volt spenning, og fører til at verftet kan lever landstraum til fartøy som har same standard for tilkopling installert om bord.

For oss er det ei stor investering, og eg trudde at vi til liks med dei fleste andre kunne få støtte
Inge-Jonny Hide

Planen er å få på plass tre slike anlegg, ei ved kvar kai, slik at alle skip ved verftet kan koplast på landstraum. Investeringa er på 6-7 millionar kroner.

- For oss er det ei stor investering, og eg trudde at vi til liks med dei fleste andre kunne få støtte med Enova. Men nei, alle ser ut til å få støtte, men ikkje skipsverft.

(saka held fram under bildet)

20210504 141350
MYKLEBUST: Sanco Shipping-inspektør Jon Aklestad (t.h.) saman med Inge-Jonny Hide. Aklestad opplyser at utan landstraum vil Sanco Spirit dagleg forbrenne ein kubikkmeter marin olje. Sanco Spirit er første skipet som har knytta seg på Myklebust Verft sitt nye anlegg. Foto: Kjetil Haanes

- Ein stor fordel
Første landstraumkunden på Myklebust si nye løysing er Sanco Shipping, som har hatt Sanco Spirit liggjande ved verftet sidan 8. februar.

Inspektør Jon Aklestad seier at det er ein stor fordel å knyte seg på anlegget.

- Hittil har vi brukt ein kubikkmeter marin gassolje per dag for å halde motorane i gang. Dette gir forureining og støy, i tillegg til at vi må betale NOx-avgift.

- No er det derimot ingen forureining, og i tillegg stille om bord, noko som spesielt er ein stor fordel for dei som jobbar i maskinromet.

Han forstår ikkje kvifor verft er unntatt å kunne søke om støtte til landstraum.

- Dette er ein stor fordel for alle, så det er merkeleg.

Støtte til utanlandsk bygde båtar
Inge-Jonny Hide seier at målet er at alle fartøy som er innom verftet skal knytast til landstraum.

- I 2019 galdt det 55 prosent av fartøya, i 2020 heile 77 prosent, men slett ikkje alle kan koplast direkte på landnettet. Difor trengst det slike løysingar som vi no har satsa på.

Han viser til at dei fleste cruisehamner no får støtte til landstraum. Enova støttar reiarlag og oppdrettsselskap.

- Nyleg fekk Salmon Evolution 96,8 millionar kroner med Enova for å byggje eit energieffektivt fiskeoppdrettsanlegg på land, og Hagland Shipping fekk 26,8 millionar kroner til to fartøy som skal byggast i utlandet.

- I ein slik samanheng er det underleg at skipsverfta skal haldast utanfor, spesielt i ein situasjon der mange verft har lite eigenkapital, men som samstundes ønskjer å ta del i den grøne satsinga.

No er det derimot ingen forureining, og i tillegg stille om bord, noko som spesielt er ein stor fordel for dei som jobbar i maskinromet
Jon Aklestad

Rotevatn vil ikkje gripe inn
Saka har vore oppe i spørjetimen i Stortinget etter at stortingsrepresentant Ruth Grung (Ap) stilte spørsmål til klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn om korleis Rotevatn ville sikre skipsverft mulegheit til å kome fram til lavutsleppsløysingar.

Grung viste til at Enova ikkje gir støtte til hamner/kaier for fartøy som er inne til reparasjon.

Rotevatn viste til at Enova har tildelt 650 millionar kroner til rundt 100 landstraumprosjekt, og at det vert stadig vanlegare at for skip å kople seg til landstraum når dei ligg til kai.

Men han viste til at Enova har valt å ikkje støtte etablering av landstraum for skip i opplag eller skip under reperasjon eller bygging, med bakgrunn i at ordninga på sikt skal medvirke til varig marknadsendring.

Rotevatn ville heller ikkje gripe inn overfor Enova, og viste til at Enova har stor fagleg fridom til å prioritere mellom område, utvikle program og tildele stønad slik at midlane vert utnytta mest mogleg effektivt.

- Vi har møtt stengde dører over alt. Det er utruleg skuffande og etter mitt syn heilt ulogisk, seier Inge-Jonny Hide.

Vi har møtt stengde dører over alt. Det er utruleg skuffande og etter mitt syn heilt ulogisk
Inge-Jonny Hide

- Heilt absurd
Adm. dir Asle Strønen i bransjeforeninga Norske Skipsverft seier at ein opplever at stortingsrepresentant Grung fekk eit god dag mann økseskaft-svar frå klima- og miljøvernminister Rotevatn.

– Det er heilt openberrt ei feilvurdering frå Enova si side å ikkje å inkludere verftsnorge som søkeberettiga til sine støtteprogram for landstraumanlegg.

- Vi ser heller ikkje at Enova er interessert i år endre sin strategi. Det er difor uforståeleg at statsråd Rotevatn ikkje vil påvirke Enova i rett retning.

Strønen seier at temaet er regelmessig til behandling i styret i Norske Skipsverft og samtlege medlemsverft står bak kravet om at også verfta må kunne søke støtte til landstraumanlegg.

– Dagens praksis er absurd, og heilt ute av takt i forhold til markedets forventningar til Enova, seier Strønen.

Det er difor uforståeleg at statsråd Rotevatn ikkje vil påvirke Enova i rett retning.
Asle Strønen

Enova svarar
NETT NO har bede Enova kommentere kritikken. I ein e-post til NETT NO skriv marknadssjef for transport, Gunnel Fottland, følgjande.

«Verft med kaianlegg som anløpes av ordinær skipstrafikk kan søke Enova om støtte til å etablere landstrøm. Enova støtter imidlertid ikke etablering av landstrøm for skip i opplag, eller skip under reparasjon og bygging.

Enova skal være et spesialverktøy der markedet ikke kommer i gang av seg selv, og våre støtteordninger skal bidra til en varig markedsendring hvor tiltak og teknologier på sikt skal stå på egne ben uten støtte.

Enova vurderer at støtte til landstrøm ved verft rettet mot skip i opplag, eller skip under reparasjon og bygging, ikke vil bidra til en varig endring i etterspørsel etter landstrøm. Dette fordi skip i opplag, eller skip under reparasjon og bygging, ikke trenger å installere landstrømsystem for å benytte landstrøm, men har praksis for å koble strømmen direkte på skipets tavle. Hvis det er tilstrekkelig effekt tilgjengelig på land, trengs det også svært begrenset infrastruktur på for å tilby strøm til skipene. Enova vurderer videre at disse tiltakene har gode muligheter for å være lønnsomme siden verft som etablerer landstrøm vil få høy bruksutnyttelse av anlegget og dermed rask nedbetalingstid, noe som gjør at investeringen som sådan har relativt lav risiko.

Enova prioriterer derfor etablering av landstrøm i havner som betjener ordinær skipstrafikk. Lav bruksutnyttelse ved etablering vil i en overgangsperiode være en risiko for disse havnene. Enova støtter ikke tiltak som er lønnsomme uten støtte, og vurderer risiko og lønnsomhet i det aktuelle tiltaket og ikke næringen som sådan.»

Publisert: 07.05.2021 11:02

Sist oppdatert: 07.05.2021 11:07

Mer om