Dei siste dagane har aktiviteten ved Ålesund kommune sin stasjon for koronatesting auka kraftig. Tysdag blei omkring 150 personar testa.
Fungerande kommuneoverlege Aleksander Linge Sommerdalen i Ålesund fekk tysdag melding om at ein av mannskapet om bord på cruiseskipet Viking Star, er smitta av koronaviruset.
Dette er det første registrerte smittetilfellet i Ålesund sidan 7. juli. Totalt har 36 personar fått påvist koronavirus i Ålesund kommune.
Ifølgje Sommerdalen har det vore minimal kontakt mellom mannskapet, og dei har vore isolert om bord i skipet. Han mistenker difor ikkje at det skal ha spreia seg smitte lokalt frå skipet.
Fire personar frå Ålesund sit framleis i karantene etter å ha vore på tur med hurtigruteskipet Roald Amundsen. To som var med på den første turen går ut av karantene onsdag, om den siste testen for koronaviruset er negativ.
Dei to andre skal testast for andre gong fredag, og sit i karantene. Ingen av dei har symptom på Covid19-sjukdom, ifølgje kommuneoverlegen.
Fire nye passasjerar og éin ny besetningsmedlem var tysdag stadfesta smitta etter utbrotet på Hurtigrute-skipet. Dermed er det totale smittetalet på 35 medlemmer av mannskapet og ni av passasjerane, ifølgje NPK.
Det Atle Brynestad-eigde reiarlaget stadfestar dette i ei .
Ein passasjer fortel til at dei har fått beskjed om å halde seg på lugarane inntil vidare. Skipet er onsdag kome til kai i Bodø og alt mannskap skal bli testa.
Skipa skal etter planen mellom anna anløpe Ålesund, Geiranger og Olden på fleire cruise langs norskekysten.
Dei fem gjenståande seglasane står no i fare for å bli kansellert, men Atle Brynestad fortel til at dei ventar på svar frå norske styresmakter om kva dei bør gjere. Tidlegare i uka stramma regjeringa inn på reglane for cruisereiser, og personar frå skip med fleire enn 100 personar om bord, får no ikkje gå i land i Norge.
Hurtigruten har mellom anna kansellert sine anløp til Geiranger med MS Fridtjof Nansen den 10. og 24. august, samt 7. september, opplyste det lokale hamnevesenet på tysdag.
Fungerande kommuneoverlege Aleksander Linge Sommerdalen i Ålesund fekk tysdag melding om at ein av mannskapet om bord på cruiseskipet Viking Star, er smitta av koronaviruset.
Dette er det første registrerte smittetilfellet i Ålesund sidan 7. juli. Totalt har 36 personar fått påvist koronavirus i Ålesund kommune.
Heile mannskapet blir testa
No skal alle dei 105 personane om bord i det norskeigde skipet bli testa.Ifølgje Sommerdalen har det vore minimal kontakt mellom mannskapet, og dei har vore isolert om bord i skipet. Han mistenker difor ikkje at det skal ha spreia seg smitte lokalt frå skipet.
Fire personar frå Ålesund sit framleis i karantene etter å ha vore på tur med hurtigruteskipet Roald Amundsen. To som var med på den første turen går ut av karantene onsdag, om den siste testen for koronaviruset er negativ.
Dei to andre skal testast for andre gong fredag, og sit i karantene. Ingen av dei har symptom på Covid19-sjukdom, ifølgje kommuneoverlegen.
Fire nye passasjerar og éin ny besetningsmedlem var tysdag stadfesta smitta etter utbrotet på Hurtigrute-skipet. Dermed er det totale smittetalet på 35 medlemmer av mannskapet og ni av passasjerane, ifølgje NPK.
Les også:
Hurtigruten:
Smitta etter Seadream-cruise
Ein passasjer frå Danmark som har vore på cruise med det mindre cruiseskipet Seadream 1 har også testa positivt på Covid-19 ved heimkomst.Det Atle Brynestad-eigde reiarlaget stadfestar dette i ei .
Ein passasjer fortel til at dei har fått beskjed om å halde seg på lugarane inntil vidare. Skipet er onsdag kome til kai i Bodø og alt mannskap skal bli testa.
Fleire anløp kan bli kansellert
Seadream har to mindre skip med 100 passasjerar om bord, og var det første selskapet til å sette i gang med cruisereiser etter at koronarestriksjonane blei lempa på.Skipa skal etter planen mellom anna anløpe Ålesund, Geiranger og Olden på fleire cruise langs norskekysten.
Dei fem gjenståande seglasane står no i fare for å bli kansellert, men Atle Brynestad fortel til at dei ventar på svar frå norske styresmakter om kva dei bør gjere. Tidlegare i uka stramma regjeringa inn på reglane for cruisereiser, og personar frå skip med fleire enn 100 personar om bord, får no ikkje gå i land i Norge.
Hurtigruten har mellom anna kansellert sine anløp til Geiranger med MS Fridtjof Nansen den 10. og 24. august, samt 7. september, opplyste det lokale hamnevesenet på tysdag.
Les også:
Publisert: 05.08.2020 09:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00