Kriseloeysing paa plass for Solstad
 TIL SKRAPING: Skipa Normand Neptun, Far Scotia og Normand Atlantic er mellom dei konsernsjef Lars Peder Solstad (innfelt) og Solstad Offshore vil skrape.
Nytt

Kriseløysing på plass for Solstad

Gjer om gjeld til eigenkapital og kvittar seg med fleire tiltals skip. 

Marius Rosbach
20.10.2020
Reiarlaget Solstad Offshore fekk tysdag grønt lys frå kreditorane for sitt forslag til kriseløysing for det gjeldstynga selskapet.
Handelen i aksjen på Oslo Børs blei stansa tysdag føremiddag, og i etterkant kom det ei som omtala avtalen og detaljar om

Gjer om gjeld til aksjekapital

Refinansieringsplanen blei presentert i mai i år og betyr i hovudsak at gjeld på kring 9,7 milliardar kroner blir om fra gjeld til egenkapital, ifølgje .
Solstadfamilien, Aker Capital, Hemen Holding Limited og styreleiar Harald Espedal går inn med ny eigenkapital - og ville etter planen site med til saman inntil 33,34 prosent av aksjane. Dei andre eigarane ville ifølge planen sitte att med knappe to prosent.
Tysdag også DNB at dei har gjort om gjeld i selskapet til eigekapital, og dei som følgje av det har 11,45 prosent av aksjane.

Kvitter seg med 37 skip

Solstad Offshore blei det største offshorreiarlaget i Noreg etter offshorekrisa som starta med oljeprisfallet i 2014. Selskapet er resultatet av ei samanslåing der både Farstad Shipping og Rem Offshore og Deep Sea Offshore blei slukt.
Konsernet hadde 33 milliardar kroner i gjeld ved inngangen til 2020.
Som ein del av refinansieringsplanen, skal 37 eldre Solstad-skip enten seljast eller hoggast opp, slik at selskapet skal sitte att med ein flåte på omlag 90 skip.

Meir om avtalen:






Publisert: 20.10.2020 12:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03