Ferje innfelt per vidar kjølmoen foto marius 11
NY RUNDE: Etter at kutt i ferjeprisane er vedtatt har Statens Vegvesen sendt eit framlegg om endring av systemet for prisen på ferjebillettar. Blir det innført kan storforbrukarane få ein reell prisauke. Det vil korkje Møre og Romsdal fylke eller Per Vidar Kjølmoen ha. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kritisk til ny ferjeprising

Ferjeprisane skal ned, ikkje opp, seier næringspolitisk talsmann Per Vidar Kjølmoen (Ap) til nytt forslag frå Statens Vegvesen.

07.12.2021

Møre og Romsdal fylkeskommune har allereie åtvara mot framlegget frå Statens Vegvesen, som no er ute på høyring.

Bakgrunnen er at framlegget vil gi ein reell prisauke for dei som brukar ferjene mest, og i dag har Autopassbrikke med 50 prosent rabatt samanlikna med prisen på ein einskildbillett. Rabatten med Autopassbrikke skal reduserast, etter Statens Vegvesen sitt framlegg.

Framlegget er i strid med Stortingsfleirtalet sitt ønskje om kutt i ferjeprisane. I gjennomsnitt blir takstane sett ned, men for dei som har dei høgaste ferjekostnadane, vil prisen gå opp, slik fylket vurderer det.

"Møre og Romsdal fylkeskommune ber Statens vegvesen om å rekne på ei komplett løysing der vedtekne intensjonar frå Stortinget om reduksjon i ferjeprisen blir ivaretatt for alle takstgrupper, enten det gjeld pendlarar eller næringsliv." heiter det i ein høyringsuttalelse frå samferdselsutvalet i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Ferjeprispolitikk
Arbeidarpartiet sin næringspolitiske talsmann og stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal, Per Vidar Kjølmoen, har markerte seg i debatten om ferjeprisar og meiner Ap har mykje av æra for at prisane blir kutta.

Han er kritisk til framlegget frå Statens Vegvesen.

- Dette er eit initiativ fra Statens vegvesen som er ute på høyring, og ikkje behandla politisk enno. Så eg skal vere litt forsiktig med kommentarane, men generelt er eg mot endringar som gjør det dyrere for folk som er nødt til å bruke fergene. Ferjeprisane skal ned, ikkje opp, seier Kjølmoen i ein epost til NETT NO

Publisert: 07.12.2021 13:02

Sist oppdatert: 07.12.2021 13:14

Mer om