Krympa med korona
Kulturbransjen er viktigaste kunden hos transportkasseprodusenten Rufo. Då koronaepidemien i fjor kom, tørka ordreinngangen inn.
Rufo i Hovdebygda i Ørsta sysselsette 19 årsverk i 2019. I 2020 var det berre 12.
Til avisa Møre-Nytt seier dagleg leiar og medeigar Knut Steines at det vil ta fleire år å kome attende til nivået før korona og at salet i år er omlag på 60 prosent av det som var budsjettert for i 2020.
I tillegg til lyd- og lysanlegg for kulturbransjen og transportkasser for utstyr til oljebransjen har Rufo dei siste åra også satsa på samferdselbransjen. Digitaliseringa i samferdselsbransjen krev nytt avansert utstyr, og det må både transporterast og beskyttast under tøffe tilhøve på anleggsplassen.
I 2019 merka Rufo at etterspørselen frå oljebransjen var på veg opp igjen for første gang etter oljeprisfallet i 2014, og Steinnes sa til NETT NO at målet var ei dobling av driftsinntektene i løpet av fem år.
Les også
Rufo as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 19,7 | 25,0 |
Driftsresultat | 0,4 | -0,9 |
Resultat før skatt | 0,2 | -1,0 |
Krovel Yachts as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsresultat | -0,4 | -1,7 |
Resultat før skatt | -0,4 | -1,7r |
Yacht-satsing
Rufo er eigd av selskapet Godt Lag, som også eig Krovel Yachts.
Det er eit selskap som arbeide med å utvikle, få bygd og seld ein eigen yacht - passe liten til at eigaren kan styre den sjølv og stor nok til å bu i.
Les også
I 2016 Erika Krøvel og Knut Steinnes, som står bak ideen, at dei håpa å sjøsette sin første yacht i løpet av to år.
Selskapet ligg bak skjema og hadde ingen inntekter i fjor, som reknskapen viser (sjå tabell), men Krovel Yachts driv vidare, trass negativ eigenkapital.
Godt Lag er eigd av selskapa Steinnes og Krøvel (63,87 prosent) og Krysse (36,13 prosent). Erika Krøvel og Knut Steinnes eig 47,511 prosent kvar i Steines og Krøvel. Arild Bakke i Oslo, og hans familie, eig 95 prosent i Krysse as.
Publisert: 16.07.2021 09:06
Sist oppdatert: 14.04.2023 12:03