Kurshopp på ny kontrakt
Havila Shipping dagens børsvinnar på Nordvestlandet.
Aksjane i offshorereiarlaget Havila Shipping er i ettermiddag opp over 20 prosent etter at selskapet melde om tre års forlenging av ein kontrakt med Haugesundselskapet Reach Subsea. Mot slutten av dagen fall kursen noko, og enda 14,61 prosent over sluttkursen fredag i førre veke.
Kontrakten gjeld leige av Havila Subsea.
Selskapet er det same som har hyra inn skipet dei siste åra. Reach Subsea starta å leige skipet allereie i 2017, og skipet blei då teke ut av opplag.
Havila Subsea er eit inspeksjon-, vedlikehald-, og reparasjonsfartøy bygd i 2011. Kontrakten er gjort på marknadsmessige vilkår og betyr betra vilkår, samanlikna med dagens avtale, heiter det i børsmeldinga. Den vart sendt ut i det børsen opna klokka 0900 i dag.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte i ettermiddag.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Shipping | 6,12 | 14,61 % |
Hexagon Purus | 9,32 | 6,76 % |
Hexagon Composites | 30,30 | 5,94 % |
Atlantic Sapphire | 11,86 | 4,88 % |
Romsdal Sparebank | 110,00 | 1,85 % |
Hav Group | 11,55 | 1,32 % |
Sparebanken Møre | 84,53 | 0,27 % |
Havila Kystruten | 1,02 | 0,00 % |
Endúr | 51,20 | -0,39 % |
Norva 24 Group* | 29,75 | -0,67 % |
Salmon Evolution | 8,03 | -0,99 % |
Golden Energy Offshore Services | 34,70 | -1,42 % |
Hofseth Biocare | 2,08 | -1,89 % |
Arctic Bioscience | 10,00 | -2,91 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 03.06.2024 14:40
Sist oppdatert: 03.06.2024 16:54