(NPK-Margunn Sundfjord): Til saman har 51 medarbeidarar i heile Innovasjon Noreg fått beskjed om at det førebels ikkje er arbeid til dei.
Av dei arbeider 26 tilsette ved distriktskontora.
– Innsparinga er spreidd over heile organisasjonen, seier divisjonsdirektør Per Niederbach som har spesielt ansvar for distriktskontora. I tillegg til dei 26 som blir ramma ved dei femten distriktskontora, har 22 tilsette ved hovudkontoret og tre tilsette ved utanlandskontora til Innovasjon Noreg fått den same meldinga.
Det betyr at 10 av 26 tilsette ved distriktskontora til Innovasjon Noreg som blir ramma av nedskjeringar, bur på Vestlandet. Rekna om til prosent betyr det at 38 prosent.
– Vi planlegg likevel å oppretta nye oppgåver ved kontora i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det endelege resultatet kan difor sjå annleis ut for kontora på Vestlandet, seier Niederbach til Nynorsk pressekontor.Til saman har Innovasjon Noreg 310 tilsette ved dei femten distriktskontora.
Han peikar på at Innovasjon Noreg samtidig har 24 ledige stillingar, noko som kan føra til at det endelege talet på oppsagde blir endra.
– Den omorganiseringa vi gjennomfører parallelt, gjer det vanskeleg å seia eksakt kor stor innsparinga blir på kvar enkelt kontor, seier han.
– Så det finst ingen tilbod om sluttpakke?– Nei, ein organisasjon som vår har ikkje noko slikt tilbod, men vi vil følgja opp dei tilsette tett gjera det vi kan for å hjelpa dei, seier Per Niederbach.
- Her vil det vera 62 millionar mindre til drift og 45 millionar mindre til bemanning. For oss har det vore viktig å verna kontora. Det vil seia å halda oppe den strukturen vi har i dag. Dermed må vi finna andre måtar å arbeida meir effektivt på. Vi har difor valt å redusera talet på leiarar og talet på stabs- og støttefunksjonar både sentralt og på dei enkelte kontora, seier Niederbach. (©NPK)
Av dei arbeider 26 tilsette ved distriktskontora.
– Innsparinga er spreidd over heile organisasjonen, seier divisjonsdirektør Per Niederbach som har spesielt ansvar for distriktskontora. I tillegg til dei 26 som blir ramma ved dei femten distriktskontora, har 22 tilsette ved hovudkontoret og tre tilsette ved utanlandskontora til Innovasjon Noreg fått den same meldinga.
Mest i vest
Ved distriktskontora rammar kutta i snitt 1,6 tilsette per kontor. I Sogn og Fjordane har derimot fire tilsette fått beskjed om at det ikkje er jobb til dei. Ved kontora i dei tre andre vestlandsfylka har to tilsette fått den same beskjeden.Det betyr at 10 av 26 tilsette ved distriktskontora til Innovasjon Noreg som blir ramma av nedskjeringar, bur på Vestlandet. Rekna om til prosent betyr det at 38 prosent.
– Vi planlegg likevel å oppretta nye oppgåver ved kontora i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det endelege resultatet kan difor sjå annleis ut for kontora på Vestlandet, seier Niederbach til Nynorsk pressekontor.Til saman har Innovasjon Noreg 310 tilsette ved dei femten distriktskontora.
– Ikkje endeleg
– Men det er viktig å hugsa på at vi både skal byggja opp og byggja ned samtidig. Det er også viktig å hugsa på at ingen førebels er oppsagt, seier Niederbach.Han peikar på at Innovasjon Noreg samtidig har 24 ledige stillingar, noko som kan føra til at det endelege talet på oppsagde blir endra.
– Den omorganiseringa vi gjennomfører parallelt, gjer det vanskeleg å seia eksakt kor stor innsparinga blir på kvar enkelt kontor, seier han.
Rådgjeving – ikkje sluttpakke
Dei som blir oppsagt skal få beskjed om dette innan 26. mai. Administrerande direktør Anita Krohn Traaseth seier i ei pressemelding at Innovasjon Noreg føler eit stort ansvar for å finna løysingar for dei som må gå og at organisasjonen vil tilby desse råd og rettleiing.– Så det finst ingen tilbod om sluttpakke?– Nei, ein organisasjon som vår har ikkje noko slikt tilbod, men vi vil følgja opp dei tilsette tett gjera det vi kan for å hjelpa dei, seier Per Niederbach.
107 millionar mindre
Bakgrunnen for nedbemanninga er at Innovasjon Noreg må kutta utgiftene med 107 millionar kroner.- Her vil det vera 62 millionar mindre til drift og 45 millionar mindre til bemanning. For oss har det vore viktig å verna kontora. Det vil seia å halda oppe den strukturen vi har i dag. Dermed må vi finna andre måtar å arbeida meir effektivt på. Vi har difor valt å redusera talet på leiarar og talet på stabs- og støttefunksjonar både sentralt og på dei enkelte kontora, seier Niederbach. (©NPK)
Publisert: 28.04.2015 09:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44