Thor Tenden Transport foto Ogne
I PLUSS: Prisauke og kostnadskutt sikra overskot for Tenden-bilane i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kutta kostnadar med færre hestekrefter

Prissjokk på drivstoff tvinga fram nytenking i transportselskap.

06.06.2023

Då Russland gjekk til krig mot Ukraina i fjor steig drivstoff-prisane langt høgare enn Thor Tenden-sjef Tore Wallestad hadde sett for seg då han planla korleis selskapet skulle drive i 2022.

Løysinga blei eit såkalla flytande dieseltillegg - eit variabelt tillegg i fraktprisen som gjer at transportselskapet ikkje knekkjer nakken.

- Det hadde aldri gått utan, seier Wallestad i dag.

Tenkte smart
Flytande dieseltillegg var ikkje nok. Stryn-selskapet måtte og tenkje nytt og smart, for å reduserer kostnadane.

Det handlar mellom anna om å unngå mest mogleg køyring med tom eller delvis tome bilar, men og om at sjåførane må vere lettare på gassen og å ha relativt færre bilar med dei sterkaste motorane, ifølgje Wallestad.

Ein gjennomgang av bilparken vurdert mot kraftbehovet for å frakte den lasten bilane har med har ført til ei gradvis utskifting av bilparken. Bilar med mindre kraftige motorar erstatter bilar med dei kraftigaste motorane, der ekstra hestekrefter ikkje er naudsynt. Det utgjer ein halv liter diesel spart på mila anslår Wallestad, ei relativ stor innsparing når det går med mellom 3,5 og fire liter diesel per mil.

Selskapet arbeider og med å få sjåførane til å bli lettare på gassen. Nokre kilometer i timen ekstra fart krev relativ større auke i drivstoff-forbruket.

- Det handlar om å byggje kultur, seier Wallestad.

Akseptabelt
Så langt er 2023 eit år som er: - Akseptabelt, men på langt nær godt nok, seier Wallestad.

Thor Tenden Transport er eigd 92,2 prosent av Rolf Olav Tenden, gjennom selskapet Stryn Dampskipsekspedisjon.

Stryn Dampskipsekspedisjon eig og 92,2 prosent i transportselskapet Tenden as, som har spesialisert seg på frakt av fôr og slakteavfall.

Blomsterfrakt
Det andre større transportselskapet i Stryn, Thermo Partner Transport, fekk også plussresultat i 2022 (sjå tabell).

Thermo Partner Transport er datterselskapet Termo Transport, som er eit spedisjonsfirma med blomsterfrakt som spesiale.

Største eigar og kunde er grossistselskapet Blomsterringen, med 56,6 prosent av aksjane. Dagleg leiar Rune Heggestad Ommedal i Thermo Partner og dagleg leiar Brynjulf Magne Nesje i Thermo Partner Transport eig 15,1 prosent kvar i Thermo Partner.

Thor Tenden Transport as

Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt99,386,7
Driftsresultat2,83,7
Resultat før skatt2,83,7
Tenden as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt34,828,6
Driftsresultat1,61,3
Resultat før skatt1,61,3
Termo Partner as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt203,0158,1
Driftsresultat1,40,7

Resultat før skatt

1,7-0,1
Termo Partner Transport as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt125,182,6
Driftsresultat1,20,5
Resultat før skatt0,70,2

Publisert: 06.06.2023 09:00

Sist oppdatert: 06.06.2023 08:41

Mer om