Bensin og dieselpris
PRISHOPP SOM SVIR: No er det blitt eit kupp å finne bensin til 19 kroner literen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Dyrare tider

Tore Wallestad i Thor Tenden Transport trudde han hadde sett opp prisane til eit nivå som skulle gjere 2022 til eit godt år. Så kom krigen.

14.04.2022

Sidan årskiftet har drivstoffkostnadane til lastebiltransportselskapa stige omlag 40 prosent.

Det er skyhøgt over det Wallestad såg for seg ved årsskiftet.

Då trudde han at prisane han og kundane til transportselskapet hadde blitt samde om for 2022, skulle dekke opp for prisauken som hadde vore på drivstoffet i fjor og ein forventa prisauke i år.

Ny runde med kundane
Russland gjekk til angrep mot Ukraina torsdag 24. februar. Dei neste to vekene auka drivstoffprisen rundt 40 prosent.

Det er ein kostnadsauke som selskapet ikkje kan leve med. Wallestad måtte sett inn tiltak.

Thor Tenden Transport foto Ogne
FEKK AVTALE: I løpet av få dagar etter et russiske angrepet på Ukraina hadde søsterselskapa Tenden Transport og Thor Tenden Transpor fått på plass ein avtale med kundane sine om prisauke på grunn av høgare drivstoffprisar. Foto: Ogne Øyehaug

Løysinga blei eit såkalla flytande dieseltillegg - eit variabelt tillegg i fraktprisen som gjer at transportselskapet ikkje knekkjer nakken. Før påske var tillegget 9,6 prosent.

- Vi kontakta kundane mandag morgon 14. mars, informert om situasjonen og kva tiltak vi måtte sette inn, seier Wallestad. Han er glad for at kundane viste stor forståing og blei med på avtalen.

Ringverknadar
Wallestad er ikkje åleine om å få ein stor og uventa prisauke i fanget.

Tidlegare i år sende byggvarekjeda Maxbo ut ei lang liste over prisauke på byggevarer frå 1. april år. Her er dei største prishoppa:

Sponplater inntil 28 prosent
Gipsplater inntil 21-17 prosent
Takprodukt/vindsperre inntil 15 prosent
Mørtel/sekkeprodukt inntil 15 prosent
Festemidlar/Jarnvare inntil 15 prosent

Konsekvensen at dette er at det blir dyrare å bygge. Prisauken kjem på toppen av prisauke på byggevarer også i fjor.

Fabrikk på vent
Ulempene med prisauken har allereie vist seg.

I førre veke varsla Arctic Bioscience at selskapet set bygginga av ein ny fabrikk i Hovdebygda i Ørsta på vent på ubestemt tid.

Grunnen er delvis at kostnadane har skote i veret og delvis at selskapet rett og slett ikke har fått informasjon om pris og leveringstider for deler av material og utstyrt.

- Faktum er at vi sit med eit alt for tynt beslutningsgrunnlag, sa administrerande direktør Christer Valderhaug, til NETT NO.a

Aurvoll og Furesund-sjef Eivind Lars Berge har ei lang liste med utfordringar for entreprenørselskapet i Herøy:

– Det er stor usikkerheit i bransjen. Vi har ekstremt høge dieselprisar, stålprisane går opp som gir utslag i armering og stål til bygg. Betongprisane skal opp, lønningane skal opp og det same gjeld for røyrprisane. Det siste vi fekk høyre no, er at prisane på sprengstoff også går drastisk opp.

Dyrare metall
Her er fleire døme på prisauke, som slår rett inn i skipsbyggingsindustri og mekanisk industri:

På metallbørsen i London (LME), ein internasjonal marknadsplass for handel med metall, vart skrapstål frå Tyrkia handla til rundt 500 dollar tonnet før krigen i Ukraina starta. I løpet av fem handledagar steig prisen til rundt 700 dollar tonnet, og har sidan midten av mars ligge i underkant av 650 dollar tonnet.

8. mars nådde prisen på nikkel 100.000 dollar tonnet, etter eit prishopp på heile 50 prosent i løpet av få timar, og handelen med nikkel blei stengt og seinare strengt regulert, skriv Reuters.

Nikkel er ei viktig råvare for Galvano på Stranda, og gjer at til dømes metallunderstell på møblar ser blanke og fine ut.

Terje Berge Galvano foto Ogne
STOPP: Nikkelprisen fauk så kjapt og kraftig i veret etter at krigen i Ukraina starta at handelen på metallbørsen i London vart stoppa og kraftig regulert. Sist Terje Berge i Galvano på Stranda kjøpte inn nikkel var prisen nesten dobla frå førre innkjøp. Foto: Ogne Øyehaug

Sist Galvano kjøpte inn nikkel var prisen neste dobla frå førre gang.

I følgje Trading Economics, som baserer seg på tal fra metallbørsen i London, kosta nikkel knappe 20.000 dollar tonnet i starten av 2022. 28. februar var prisen passert 22.000 dollar tonnet

Deretter gjekk det rett opp, før børsen greip inn med reguleringar. 7. april er prisen 33.700 dollar tonnet, nesten 70 prosent opp sidan årsskiftet.

Fiske i fare
Oljeprisfallet i 2014 gav fiskarane fleire år med billegare drivstoff, som forsterka lønsemda i næringa.

No har det slått den andre vegen. I eit innlegg i NETT NO skriv rådgivar Kay Ove Hafsås i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt at drivstoffprisar gjer at enkelte fiskerier rett og slett ikkje er lønsame.

"Prisen på marin diesel ex avgifter var før jul rundt fem kroner, men har nå steget til nivå over ti kroner literen, skriv Hafsås.

Ein slik pris vil halvere driftsmarginane i fiskeflåten, skriv han.

Rekrutteringsproblem og rentehopp
Prisauken kjem samstundes som den registrerte arbeidsløysa no er lågare enn før koronapandemien kom i 2020.

Høg olje- og gasspris pøser pengar inn i både næringsliv og statskasse, slik at norsk økonomi samla sett får større inntekter på grunn av krigen.

Rekruttering er blitt ein flaskehals for bedrifter i vekst, og Noregs Bank har varsla renteauke på rekke og rad framover, for å kjøle ned økonomien og dempe prisauken.

Om og kor fort renteauken får den prisdempande effekten for Noregs Bank er ute etter vil vise seg etterkvart, men i første omgang er det eit kostnadsdrivande tiltak på toppen av alt det andre.

Publisert: 14.04.2022 05:00

Sist oppdatert: 17.04.2022 12:18

Mer om