Kva han rakk er nesten ikkje til aa tru
PREDIKANT OG FORRETNINGMANN: Hans Nielsen-Hauge for ei forsamling, måla av Adolph Tidemand (1814–1876).
Nytt

– Kva han rakk, er nesten ikkje til å tru

Haugianismen har inspirert til mykje forretningsverksemd på Nordvestlandet. I 2021 er det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd. 

Administrator
10.01.2021
Boka «Alt eller intet» prøver å finne ut korleis ein bondegut frå bygda kunne bli så viktig for noregshistoria. Boka fortel òg at han representerte ei brytning som gjekk føre seg i heile Europa.

– Kva han rakk, er nesten ikkje til å tru. Det var frå 1800–1804 han utretta aller mest. På fire år starta han så ufatteleg mykje. Han hadde ei veldig kraft i seg. Det er både inspirerande og imponerande. Gud var drivkrafta heile tida. Han ville tene pengar både for å gjere det betre for folk, og for å spreie Guds ord, seier Ann-Jorid Pedersen om Hans Nielsen-Hauge.
Saman med Jens O. Simensen har ho skrive boka «Alt eller intet» på oppdrag frå Hauge-jubileet 2021. Styret for jubileet legg opp til stor, nasjonal feiring av at det er 250 år sidan Hauge vart fødd.
– Han var gjennom mykje liding for det han trudde på. Han gav alt – det er difor vi har kalla boka det. Han gjorde ikkje ting halvveges, og måtte betale for det, seier Pedersen til Nynorsk pressekontor.

Prestane var kongemakta

Hans Nielsen Hauge er bondesonen frå Østfold som er kjent for å ha danna vennesamfunnet haugianarrørsla frå 1796–1804. Han gjekk til fots over store delar av landet, heldt preiker, skreiv bøker og var med og starta ei heil rekke bedrifter.
I 1804 hamna han i fengsel i ti år, og kom ut i andre enden med øydelagd helse og svekt opprørstrong. Men det han rakk å utrette, har sett spor i heile samfunnet.
Hauge levde i ei tid med stor fattigdom og enorme skilnader mellom fattig og rik.
– Han brann for å gjere noko med det. Opprøret til Hauge var særleg mot at prestane ikkje levde som dei talte. Den gongen var prestane også kongemakta og ei stor makt i lokalsamfunnet. Når ein gjekk mot presten, gjekk ein òg mot staten og heile systemet, forklarer Pedersen.
– Sjølv om han fekk stor betydning for politikken etter kvart, var han først og fremst ein som ville vise veg og gjere gode gjerningar. Resultatet vart litt større enn han hadde sett for seg, seier ho.

Eit kall frå Gud

Hauge kom frå ein pietistisk heim i ei tid da Noreg framleis var styrt eineveldig frå Danmark. I oppveksten las han mykje, og grubla rundt tvil og tru. Som 25-åring fekk han eit kall frå Gud om å om å «bekjenne Herrens navn for menneskene», medan han stod og jobba på åkeren. Det gav han motet han trong til å tore å utfordre styresettet og spreie det han hadde på hjartet.
– I samfunnet var det strenge reglar for kven som fekk seie kva. Bøndene måtte ha reisepass for å kunne reise ut av eigen kommune. Hauge braut reglane med vilje fordi han skulle følgje Guds ord, vise veg og gjere gode gjerningar, seier Pedersen.
Hauge hamna fleire gonger bak lås og slå fordi han utfordra desse reglane. Blant anna hamna han i tukthus i Trondheim vesle julaftan i 1799. Da vart han fengsla for sjette gong.
Han gjekk til fots frå heilt i sør til Troms i nord og til Vestlandet. Han analyserte kva som gjorde at folk leid naud både materielt og åndeleg. Samtidig som han forkynte og dreiv religiøs verksemd, var han opptatt av praktisk arbeid. Han var med og starta tallause bedrifter rundt om i landet og lærte bønder å argumentere og stå opp for seg sjølve.
– Han hadde ei utruleg evne til å sjå moglegheiter. Han kom til ein stad – såg at folk var fattige – såg ein foss – og sa – sånn kan vi ikkje ha det, her må vi starte ei mølle. Han starta bedrifter kvar han kom og såg løysingar heile tida. Han var utruleg moderne som forretningsmann. Han bygde eit stort nettverk av haugevennene som dreiv handel. Så han var òg eit forbilde for innovasjon, seier Pedersen.

Brytningstid i Europa

Livet til Hauge går parallelt med ei sterk brytingstid mellom det gamle og det nye, både i Noreg-Danmark og i heile Europa. Opplysningstida bar med seg argument for ytringsfridom, trykkefridom, religionsfridom, likskap for lova og demokrati.
– Den franske revolusjonen frå 1789–1799 hadde ein enorm effekt på heile Europa. I Danmark-Noreg var ein livredd for opprør. Det hadde vore revolusjon i Amerika, og det var revolusjon i Aust-Europa. Opplysningstankane som kom sette heile samfunnssystemet på prøve og utfordra heile makteliten. Det var bondeopprør og uro også her heime, fortel Pedersen .
– Hauge kravde fridom til å bevege seg, likskap for lova. Han utfordra maktapparatet i samfunnet og heile samfunnssystemet. Sjølv sa han ikkje at han var inspirert av det som skjedde i Europa, men at han var inspirert av Bibelen og Gud, og at han gjorde opprør mot prestane, først og fremst.
– Men når ein ser det på avstand, representerte han alle dei nye verdiane frå opplysningstida. Fridom, likestilling, brorskap. Det var det han i praksis stod for, seier Pedersen.

Førebudde demokratiet

Haugianarrørsla vart Noregs første og største nettverk og bidrog til ei demokratisering og fornying av det norske samfunnet. Bøndene var 90 prosent av befolkninga. Da Noreg vart fri frå Danmark, og Grunnlova kom 17. mai i 1814, kom bøndene raskt inn på tinget, og her var mange haugianarar.
– Hauge hadde lært bøndene å halde talar og stå opp for seg sjølve. Fram til 1814 hadde dei vore veldig undertrykte. Om ikkje Hauge hadde reist rund og haugianarrørsla vore så stor, ville det truleg tatt betydeleg lenger tid før bøndene hadde hevda seg på Stortinget. Rørsla gjorde at dei var førebudde og klare for å delta i demokratiet ganske raskt, seier Pedersen.

Har sett spor

Den gong var gudstrua til Hauge og formidlinga av ordet og alt han gjorde av gründerskap og samfunnsbygging fleire sider av same sak. I dag ser vi på det frå forskjellige perspektiv.
– Det var ein stor bevegelse som var veldig annleis enn andre pietistiske bevegelsane på den tida. Den var ikkje streng. Han stod i potetpresttradisjonen. Han var opptatt av at folk skulle ha noko å leve av, og at det var jobbar til alle, meir enn at han var oppteken av kven som var flinke. Kvinner var likeverdige. Han skaffa jobb til funksjonshemja, skreiv bøker, og fekk folk til å lese.
– Eg tenkjer mange gonger at det må ha vore heilt fantastisk å vere med i bevegelsen som han starta og leia den gongen. Det var eit sterkt samhald, og han tok vare på heile mennesket. Det må ha vore veldig sterkt.
– Det fascinerer både meg og mange andre trur eg, at han var eit stykke europeisk historie. Han var mykje større enn seg sjølv, seier Pedersen.
Han starta bedrifter kvar han kom og såg løysingar heile tida. Han var utruleg moderne som forretningsmann

Publisert: 10.01.2021 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11