Kvalitet kontakt og kronekurs
KLEVEN: Verftsdirektør Ståle Rasmussen og salsdirektør Arve Holstad meiner at den tette og langvarige kontakten med Sandvik-familien bak Salt Ship design på Stord har vore viktig for å få den danske fiskebåtkontrakten.
Nytt

- Kvalitet, kontakt og kronekurs

Kleven slo ut norske, danske og tyrkiske verft i kampen om Gitte Henning. Verftsdirektør Ståle Rasmussen meiner tre k-ar var avgjerande.

26.10.2015
- Vi har lav kronekurs, vi leverer god kvalitet og vi har over tid hatt svært god kontakt med designarane i Salt Ship Design.
Han seier at pris ikkje var avgjerande.
- Pris er viktig, men etter det vi forstår hadde vi ikkje det lavaste tilbodet.
- Derimot har kvalitet og leveringspunktlegheit vore viktig.

Skagen-reiar valde Norge

Det vekkjer oppsikt at eit norsk verft på nytt byggjer fiskebåt til ein dansk reiar. Lenge vart norske fiskebåtar bygde i Danmark, spesielt ved Karstensens Skibsværft i Skagen, seinare har mange valt å byggje i Tyrkia.
Reiar Henning Kjeldsen i Gitte Henning AS bur sjølv i Skagen, men valde likevel å byggje i Norge.
Salsdirektør Arve Holstad i Kleven seier at ein gunstig kronekurs mot danske kroner har vore viktig.
- På få år har det vorte 20 % billegare for danske reiarar å byggje i Norge enn å byggje i Danmark.

Gunstig Euro/kron

eLithauen kunne også ha vore aktuelt ettersom reiarlaget bygde den siste store fiskebåten sin i Lithauen, også med namnet Gitte Henning.
- Vi dreg også fordel av ein gunstig kurs mellom krone og Euro, seier Holstad.
Han opplyser at det var Salt Ship Design som tok kontakt med Kleven om den nye danske fiskebåten.
- Designselskapet satsa i starten mest på offshore, men har no dreia mot fiskeri. Nyleg landa selskapet ein kontrakt på ein pelagisk trålar med irske Voyager Fishing. Men denne båten skal byggast på Karstensens i Danmark.

Sandvik-familien

Designkontoret på Stord har 76 tilsette, og mange har bakgrunn frå tidlegare Vik & Sandvik, som vart oppkjøpt av Wärtsila. No har Sandvik-familien på nytt starta sitt eige designselskap, som Salt Ship design.
- Nestoren Karl Sandvik har her ei nøkkelrolle, sjølv om han er pensjonist, seier Ståle Rasmussen.
- Gode kontakter er også viktig når nye kontraktar skal inngåast.
Av Kleven sine seksten skip i ordre, er heile ni av Salt-design.

Som ein mellomstor PSV

Partane har vorte samde om at ein ikkje skal opplyse prisen på den 90,5 meter lange pelagiske trålaren og snurparen, som vert største fiskebåten innan sitt segment.
Men det er snakk om eit avansert skip, og normalt vil prisen vere på størrelse med ein mellomstor PSV.
Rasmussen seier at det uansett ikkje er snakk om den feitaste kontrakten verftet har inngått.
- Det er mange som konkurrerer om denne type kontrakter, og konkurransen er knallhard. Vi er nøydd til å vere kostnadseffektive for å kome i mål på ein god måte.

Norske underleverandørar

Det er Myklebust Verft i Gursken som skal utruste trålaren, medan skroget skal byggjast ved Christ-verftet i Gdynia.
Mange norske leverandørar vert involverte i kontrakten, mellom anna Brunvoll, Scana Volda, Hareid Elektriske og MMC, slik at ringverknadene vert store.
Nyeskipet skal leverast frå Myklebust Verft i desember 2017.
På få år har det vorte 20 % billegare for danske reiarar å byggje i Norge enn å byggje i Danmark

Publisert: 26.10.2015 15:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48