Nytt
Kystdirektøren vil padle Stad-tunellen
Kystdirektør Kirsti Lovise Slotsvik drøymer om å opne Stad Skipstunell i kajakk.
19.10.2015
Slotsvik siktar seg inn mot å føre det første fartyet som skal gå gjennom tunellen, og reknar å bruke rundt ein halvtime på den 1700 meter lange turen.
Frå å vere ein bremse er Kystverket blitt ein pådrivar for prosjektet.
- Vi merkar eit klart skifte, seier dagleg leiar Randi Paulsen Humborstad i Nordfjord Vekst.
I dag presenterte ho prosjektet på Norsk Industris transportkonferanse, saman med Terje Andreassen i Kystverket. Andreassen er prosjektleiar for forprosjektet til Stad Skipstunell.
Frå Kystverket si side er det tryggleiken i sjøtransporten som er hovudpoenget med tunellen, seier Andreassen. Slår spådommane om auke i skipstrafikken til vil det også bli fleire ulukker, og Stad Skipstunell skal vere med å redusere talet på ulukker, i følgje Andreassen.
I beste fall kan arbeidet med tunellen kom i gang i 2018 og det første fartyet får passere i 2022.
Men Andressen er usikker på om det blir sjefen hans som får æra av å opne tunellen i kajakken sin. Når tunellen er i drift blir det berre motoriserte farty som får passere.
Frå å vere ein bremse er Kystverket blitt ein pådrivar for prosjektet.
- Vi merkar eit klart skifte, seier dagleg leiar Randi Paulsen Humborstad i Nordfjord Vekst.
I dag presenterte ho prosjektet på Norsk Industris transportkonferanse, saman med Terje Andreassen i Kystverket. Andreassen er prosjektleiar for forprosjektet til Stad Skipstunell.
Klare meldingar
Klare meldingar frå politikarane om at det er ønskeleg å bygge skipstunellen lettar arbeidet, seier Slotsvik. Så lenge det var uklart kva politikarane ville var det også vanskleg å kome med råd om bygging.Frå Kystverket si side er det tryggleiken i sjøtransporten som er hovudpoenget med tunellen, seier Andreassen. Slår spådommane om auke i skipstrafikken til vil det også bli fleire ulukker, og Stad Skipstunell skal vere med å redusere talet på ulukker, i følgje Andreassen.
Økonomiske gevinst
Tilleggsgevinsten ved sikrare sjøtransport er at godstransporten til sjøs blir meir leveringssikker, fordi uvêr ved Stad ikkje lenger vi tvinge godstransporten til å bli liggande og vente på betre vêr.I beste fall kan arbeidet med tunellen kom i gang i 2018 og det første fartyet får passere i 2022.
Men Andressen er usikker på om det blir sjefen hans som får æra av å opne tunellen i kajakken sin. Når tunellen er i drift blir det berre motoriserte farty som får passere.
Vi merkar eit klart skifte
Publisert: 19.10.2015 16:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48