Havila Castor dåp Per Sævik Foto Havila Kystruten 11
FORSEINKA: Skipa som Havila Kystruten har bygd ved det tyrkiske Tersan-verftet har vore forseinka. Her frå dåpen av Havila Castor i Ålesund i fjor. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Kystruten får bøter for manglande skip

Forseinkingane kostar reiarlaget millionar kvar månad.

08.02.2023

(NPK-NTB-NETT.NO): Havila Kystruten må betale bøter for manglande skip, varslar Samferdselsdepartementet. Skipet Havila Polaris kan tidlegast gå inn i ordinær rute i mars.

Samferdselsdepartementet har vedteke å ikkje utbetale vederlag for Havila Polaris for forseinkingane til og med januar, opplyser statssekretær Bent-Joacim Bentzen (Sp) til Finansavisen.

– Det blir fastsett ei konvensjonalbot tilsvarande avtalt vederlag for skipet for tidsperioden som bortfallet varer. Departementet kjem tilbake til handteringa av forseinkingar utover januar, seier han.

I ei børsmelding frå reiarlaget onsdag ettermiddag opplyser Kystruten at dei har fått ei bot på 7,7 millionar kroner for perioden ut januar månad.

Jomfruseglas utsett
For to veker sidan vart dei planlagde avgangane med Havila Polaris 11. og 22. februar avlyste. Ifølgje reiarlaget kan skipet tidlegast gå inn i ordinær rute i sambandet Bergen-Kirkenes-Bergen frå 5. mars.

Havila Kystruten har til liks med Hurtigruten avtale med staten ved Samferdselsdepartementet om å betene kystruta. Havila har berre to av fire fartøy i drift.

Årsaka er utfordringane som følgje av sanksjonane mot det russiske leasingselskapet GTLK, som opphavleg stod for finansieringa av både Havila Polaris og dei tre søsterskipa. Gjelda til avdelinga til det russiske leasingselskapet i Irland må innbetalast til ein sperra konto i EU.

Bøter på fem millionar kvar månad
I kontrakten med staten er vederlaget for dei fire Havila-skipa fastsett til 242 millionar kroner per år, eksklusive meirverdiavgift og rekna i 2018-kroner.

Bortfall av vederlag for eitt skip i to månader utgjer dermed vel 10 millionar kroner, medan bota vil utgjere litt over 5 millionar kroner per månad, ifølgje Finansavisen.

(©NPK)

Publisert: 08.02.2023 12:02

Sist oppdatert: 08.02.2023 13:14

Mer om