Køyrde seg fast med loddefangst
Austevoll-båt stod fast i Fosnavåg.
Med 1.000 tonn lodde om bord køyrde Austevoll-båten Østerbris seg fast i Fosnavåg fredag ettermiddag.
Den 74,2 meter lange og 15,2 meter breie ringnotbåten køyrde seg fast rett etter innseglinga til Fosnavåg.
Om bord var det Barentshav-lodde som skulle leverast til Fosnavaag Pelagic.
- Stor hemsko
Dagleg leiar Roar Aasen ved Fosnavaag Pelagic seier at det er ein stor hemsko for bedrifta at det ikkje vert fortgang på utdjupinga av Fosnavåg hamn.
- Vi får forseinkingar i vår produksjon, og det kan også verte slik at enkelte vegrar seg for å gå inn her. Det er ikkje slik vi kan ha det.
Aasen seier at Østerbris prøvde å kome seg inn før det vart full fjøre.
- Men det gjekk ikkje. No håpar eg han får bakke seg laus. Men så vert det å vente til fjøra er over, ei venting alle taper på.
Fredag ettermiddag hadde Østerbris kome seg laus, og låg på Holmefjorden og venta på flødande sjø.
Publisert: 18.03.2022 16:26
Sist oppdatert: 18.03.2022 22:49