Innovasjonscamp presentasjon hoved foto Marius
INTERAKTIVE LØYSINGAR: Fleire av oppgåvane elevane fekk frå bedriftene blei løyst med interaktive aktivitetar som utfordra deltakarane. Her frå presentasjonen til ei gruppe som skulle motverke marin forsøpling. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Løyste oppgåver for lokale bedrifter

Kring 100 Herøy-elevar fekk utfordringar frå næringslivet. Det vart både lærerikt og kjekt.

Marius Rosbach
01.12.2024

Ein rekke kommunar på Nordvestlandet har teke i bruk ulike opplegg for å skape tettare band mellom unge og arbeidslivet i lokalsamfunnet. 

Kring 100 elevar frå to Herøy-skular vekk førre veke svært annleis skuledagar med eit tilpassa program for ein innovasjonscamp.

– Elevane fortel at det var ei kjekk og lærerik veke, der mange fekk blomstre og vise seg fram, fortel Guro Velsvik som er kontaktlærar for ei av klassane frå Ytre Herøy Ungdomsskule. 

I løpet av veka skulle elevane frå denne skulen og Stokksund skule bryne seg på ulike oppgåver frå lokalt næringsliv. 

Innovasjonscamp presentasjon 1 foto Marius
DATATRYGGLEIK: Olympic-reiarlaget og it-selskapet Atea utfordra elevane til å bevisstgjere brukarar på båt og kontor på cybersikkerheit. Det blei mellom anna løyst med kviss. Foto: Marius Rosbach

Interaktive spel og «rap-regle»
Veka starta med at elevane fekk møte bedriftene som var med på opplegget. Deretter fekk dei utdelt oppgåvene som skulle løysast. 

I løpet av dei neste dagane jobba elevane mellom anna med å finne ut av korleis framtidas betalingsløysing kan sjå ut på oppdrag for Sparebanken Møre, idear for framtidas miljøvennlege skip frå Hav Group og betre datatryggleik på oppdrag frå Olympic og Atea. 

Innovasjonscamp presentasjon 2 foto Marius
«RAP-REGLE»: Kontaktlærar Guro Velsvik fortel at elevane sette pris på at dei fekk utfalde seg kreativt i arbeidet. Foto: Marius Rosbach

Elevane frå 9. trinnet var delt i 18 grupper som tok for seg seks ulike utfordringar. Torsdag var det presentasjon av arbeidet.

Interaktive spel og «rap-regle» for å auke bevisstheita kring cyberrisiko, konkurransar for å motverke forsøpling og ein skipsmodell i papp var mellom det elevane hadde kome fram til. 

– Kosa seg med oppgåvene
Ein kreativ måte å løyse oppdraga på, var mellom tilbakemeldingane fleire grupper fekk frå juryen som bestod av representantar frå deltakarbedriftene og Ungt Entreprenørskap. 

– Elevane fekk sjølv velje på kva måte dei ville løyse oppgåva. Den friheita sette dei pris på og det gjorde at dei kosa seg med oppgåvene, fortel kontaktlærar Velsvik. 

– Dei som likte å teikne og måle fekk bygge skipsmodell, medan dei som er interessert i data, gjerne laga interaktive modellar, legg ho til. 

Innovasjonscamp vinnarar foto Heroy Naeringsforum
FEKK PREMIAR: Vinnargruppene fekk utdelt diplom og premie under ei høgtideleg kveld på Herøy kulturhus. Foto: Herøy Næringsforum

Høgtideleg premiekveld
Å skape livsglede for eldre i lokalmiljøet, lage ein video som motverka marin forsøpling og ein informasjonsfilm eller brosjyre om kva ein kan oppleve i Herøy, var mellom dei andre oppgåvene. 

Tydeleg kommunikasjon og god stemmebruk, fekk elevane høyre frå juryen. 

Om kvelden var det høgstemt premiefest ved Herøy kulturhus. Elevgruppene satt på bankettbord, medan foreldre og bedrifter også var på plass i salen.

Vinnarane fekk rib-tur, kinobesøk og pizzakveld i premie for innsatsen. 

Skal gjere dei unge kjent med arbeidslivet
Det er andre gong Herøy kommune arrangerer ein slik innovasjonscamp i samarbeid med Herøy Næringsforum. 

Sissel Ødegård i næringsforumet held i trådane og fortel at det har vore stor interesse frå næringslivet for å vere med. 

Ho fortel at dei håpar å vidareføre opplegget. Motivet er at elevane skal bli betre kjende med det lokale arbeidslivet for å sjå moglegheitene som finst i heimkommunen. 

Bakteppet er høg fråflytting av unge i regionen, samtidig som det er store behov for arbeidskraft i det lokale næringslivet. 

I tillegg skal programmet fremje nysgjerrigheit, motivasjon og kreativitet med tanke på seinare gründerverksemd.

– Inntrykket er at fleire elevar har fått meir innsikt i kva yrke som finst her, og det er finst fleire enn dei typiske enn høyrer mest om, seier kontaktlærar Guro Velsvik.

Publisert: 01.12.2024 05:00

Sist oppdatert: 01.12.2024 13:08

Mer om