Lærlingar Marius Bjørkedal
HEI SVEIS: Tommas Rambø (t.h.) og Marie Dahlen er begge lærlingar. Her viser dei ein elev kor enkelt ein kan fikse ein bulk. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal
Nytt

Elevar etterlyser meir kunnskap om næringslivet

Slik har Hareid-skulen løyst utfordringa.

Venninnene Julianna Roszkowska og Selina Kaspersen frå Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund står i kø for å duellere i kapp-hamring.

Begge to synes dei får greit med informasjon i skuletida om forskjellige vidaregåande liner.

Jentene har bestemt seg for å velje studiespesialisering, men Julianna har eit ønske om å bli byggingeniør etter kvart.

– Likevel meiner eg vi bør få meir og betre informasjon. For eksempel om kva vi faktisk kan jobbe med når vi vel ei retning, seier Kaspersen.

Dei to jentene er på karrieredagane i Sunnmørshallen. Arrangementet er arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune, og er for alle 10. klassingar.

Også andre elevar, og lærlingar som nyleg har vore på ungdomsskulen, fortel Nett No at dei etterlyser betre informasjon om kva som finnes i yrkeslivet.

DSCF5902 11zon
SPIKERSLAG: Selina Kaspersen (t.v.) og Julianna Roszkowska (t.h.) under hamrekonkurransen, som Julianna vann. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Gjer det annleis
Gjennom prosjektet «Samarbeid læring – næring», som Vekst i Hareid står bak, har Hareid kommune teke steget vidare i kva informasjon elevar får om næringslivet. Frå 1. til 10. klasse vil elevar i kommunen ha opplegg som lærer dei om næringslivet.

Før prosjektet blei satt i gang var det opp til kvar enkelt lærar å legge opp til bedriftsbesøk. Både kjennskap til bedriftene og kontakter var viktig for at det då kunne bli noko av.

Bedriftsbesøk, gründercamp og å prøve seg på ulike arbeidsplassar er ein del av prosjektet.

Frå sine eigne born sin oppvekst har rektor Hege Tretnes ved Hareid skule sett at det ofte er kunnskap om yrka til eigne slektningar som fører til utdanningsvalet seinare i livet.

– Sjølv om Hareid er ei lita kommune, er her faktisk uhorveleg variert næringsliv.

Difor valde ho og skulen å bli med på prosjektet.

Tilbakemeldingane er positive
Målet er at elevane skal bli klokare på kva ein kan bli samtidig som dei får kjennskap til mulegheitene lokalt i kommunen.

– Tilbakemeldingane vi har fått frå både lærarar og elevar er at det er kjempekjekt og lærerikt å bli kjent med næringsliv. Utan denne planen ville ikkje dette vore muleg i like stor grad.

Tretnes meiner løpet vil gjere det lettare for elevane å ta eit klokt val når dei skal velje yrkesretning, sjølv om det er for tidleg å seie om det vil ha ein konkret effekt.

Læringog Næring Bjørkedal 2
VISDOM: Rektor Hege Tretnes har trua på at elevane hennar i Hareid vil ta klokare val seinare i livet. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

– Elevar vil nok sperre augene opp
Ei av bedriftene som er med i prosjektet er Hareid Group. Gjennom avtalen har dei no tre prosjekt på gong for å vekke interesse blant skuleelevar.

– Vi såg umiddelbart at avtalen var interessant. Den vil bli viktig for å vekke nysgjerrigheita til morgendagens arbeidstakarar, seier HR-sjef i bedrifta, Silje Grimstad Tvedt.

Sjølv hugsar ho godt bedriftsbesøka frå då ho gjekk på skule. Tvedt meiner vi ikkje bør undervurdere effekta av det å kunne kome, sjå og prøve seg har på unge.

Før avtalen blei signert hadde bedrifta kontakt med skulane, men då oftast gjennom besøk og praksis for dei som frå før av var interesserte.

No vil det famne breiare, og alle elevar vil få ein smakebit på kva bedrifta gjer på.

– Mange som kanskje ikkje visste kva dette yrket innebar vil nok sperre augene opp no.

Læringog Næring Bjørkedal 1
VURDERER UTVIDING: Hareid Group er i gang med tre opplegg for skuleelevar, og utelukkar ikkje at det vil kome meir i framtida. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Etterlyser meir praktisk arbeid i skulen
Erlend Blindheim og klassekameratane hans frå Sula ungdomsskule står i kø for ein dekkskiftekonkurranse i Sunnmørshallen.

Sjølv får han mest informasjon frå familie og venar om kva som finnes av mulegheiter. I fjor var han på arbeidsveke, der han sjølv valde kor han skulle jobbe ei veke.

– Eg synes det hadde vore greitt med bedriftsbesøk i løpet av skuletida også.

Erlend Blindheim Marius Bjørkedal
SKRU: Erlend Blindheim får god hjelp når han prøver å slå dagens dekkskifterekord. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

To av lærlingane som var på plass for å vise fram kva dei styrer med er Tommas Rambø og Marie Dahlen, som er lærlingar i høvesvis Møller bil og Team Verksted.

I utgangspunktet gjekk Rambø bygg og anlegg, eit val som var prega av kva ungdomsskulen gav tips om. Då han var ferdig med andre året visste han at det ikkje var dette han ville gjere.

Då brukte han tid på å søke på nettet og ringe rundt til ulike skular. Draumen hans var å kunne arbeide med sveising.

– Eg håper at elevane i dag får meir veiledning, fordi for min del var det ikkje godt nok, seier Rambø som gjekk på ungdomsskule i 2016.

Marie Dahlen stod også i ein liknande situasjon. Planen var å gå naturbruk på Gjermundnes. Då ho var på ei utdanningsmesse, fann ho ut at ho eigentleg var mest interessert i industrielt arbeid.

– Far min er bilmekanikar, men det var ikkje før eg gjekk på vidaregåande eg fann ut kva eg ville bli gjennom folk som gjekk andre året.

Begge to oppfordrar grunnskulane til å legge meir til rette for at elevar skal prøve ulike praktiske ting som gjenspeglar verkelegheita.

På denne måten meiner dei det kan bli lettare å ta det første store valet om yrkesretning i livet.

Publisert: 05.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 04.10.2023 21:57