Per Vidar Kjølmoen på ulstein group foto marius 11
ULSTEINVIK: Per Vidar Kjølmoen (Ap) la fram regjeringas industristasing i lokala til Ulstein Group torsdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

La fram industriløft: - Vi må lukkast på Vestlandet

Vil bruke 60 milliardar på statleg industriløft.

Marius Rosbach
23.06.2022

Arbeiderpartiets næringspolitiske talsperson Per Vidar Kjølmoen kom torsdag til Ulstein Verft for å legge fram regjeringas veikart for eit grønt industriløft.

Kjølmoen innleia med å snakke om underskotet på handelsbalansen, som har vekse seg større dei siste åra. Svaret på korleis dette skal løysast, er å auke eksporten med 50 prosent innan 2030.

Vil auke eksporten
Det var kalla inn til pressekonferanse fleire stader i landet for å snakke om satsinga som skal legge grunnlaget for auke i fastlandseksporten.

Statsminister Jonas Gahr Støre og næringsminister Jan Christian Vestre har pressekonferanse om same tema i Stavanger.

Sjå pressekonferanse frå Stavanger her (ekstern lenke)

Planen inneheld satsingar på sju områder:

  • Maritim industri
  • Havvind
  • Hydroge
  • Batteri
  • CO2-handtering
  • Prosessindustri
  • Skog-, trenæring og annen bioøkonomi

100 tiltak
Veikartet inneheld til saman 100 ulike tiltak, og Kjølmoen gjekk inn på nokre av dei han meinte var mest viktig for maritim industri.

Her er hovudpunkta:

  • Ein nasjonal plan for fornybar drivstoff i skipsfart
  • Utgreie handlingsrommet i EØS-avtale
  • Klimapartnarskap med private
  • Internasjonalt samarbeid om grøne korridorar
  • Omstillingspakke for klimavennleg omstilling av skipsfarten

Prislappen vil kome på om lag 60 milliardar kroner i statlige lån, garantier og partnerskap. I tillegg kjem private investeringar,

Vil gi meir hjelp til verfta
Kjølmoen peika på at maritime næringar vil ha ei viktig rolle.

- Og vi må lukkast på Vestlandet, påpeika han: - Møre og Romdal , Vestland og Rogaland, det er her det skjer, la han til.

Kjølmoen meiner samtidig at for stor del av offentleg støtte har gått til andre delar av maritim næring, enn dei store verfta.

- No står vi ved startskotet for ei stor fornybarsatsing, og truleg vil det snart vere meir enn nok å gjere for alle skipsverft i heile verda, sa Kjølmoen.

- Då er det uttruleg viktig at vi klarer å ta vare på dei verfta og bedriftene vi har, la han til.

Les pressemelding om industriløftet frå regjeringa her (ekstern lenke)

Publisert: 23.06.2022 10:59

Sist oppdatert: 24.06.2022 10:28

Mer om