I januar 2012 kom melding om at Domstein-konsernet avvikla fiskeforedlingsverksemda i Måløy. 86 tilsette miste jobben. Etter fleire år med underskot for produksjonen av kvitfiskfilet såg styret ikkje lenger nokon sjanse for å oppnå lønsam drift, fortalde Bergens Tidende.
No er Domstein-konsernet i Måløy på ny i gang med fiskeforedling. Det skjer gjennom selskapet Domstein Sjømat Produksjon, som har fabrikken sin på Gjelleråsen, rett nord for Oslo.
Der er 50-60 tilsette i sving, og hovudproduktet er forbrukerpakka torskefilet-produkt som blir distribuert til Coop-butikkar landet over. Hovudråstoffet er frosen linefanga torsk.
– Strategisk veldig viktig seier Rolf Domstein om satsinga. Han er konsernsjef og eig konsernet saman med brørne Gunnar og Knut Magne.
Salet har auka og kundane har blitt fleire sidan i fjor. Per i dag er produksjonen dobla samanlikna med same tid i 2024, iføgje Domstein.
Færre fiskediskar, fleire forbrukarpakningar
Satsinga kjem av ei erkjenning av at stadig færre butikkar har eigne fiskediskar, og fisk i forbrukarpakningar som kundane sjølve plukkar med seg fra kjøledisken blir stadig viktigare for eit selskap som lever av å selje og distribuere fisk.
Domstein-konsernet distribuerer sjølv fersk fisk og sjømatprodukt til butikkar med eigne fiskediskar, hotell og restaurantar. Det skjer frå seks distribusjonssentralar - frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør - som i hovudsak får leveransar frå fiskemottak i nærleiken,
Produkta frå Domstein Sjømat Produksjon er det imidlertid Coop-kjeda som står for distribusjonen av. Det gir Domstein-fisken landsdekkande innpass i Coop-butikkar utan eigne fiskediskar, som Coop Extra og Obs.
2024 var første heile driftsår for Domstein Sjømat, og det vart eit tøft år. I fjor selde Domstein Sjømat Produksjon for 40 millionar kroner, og gjekk med 9,6 millionar kroner i minus.
"Oppstarten av ferdigvareproduksjon har vært mer krevende enn forventet. Hovedproduktet har hittil vært torskefilet. Reduserte torskekvoter og høye råvarepriser har gjort det vanskelig å oppnå kritisk salg og tilfredsstillende resultat. I 2025 har vi fått flere kunder, lansert flere nye produkter og økt salget. Det forventes derfor positiv resultatutvikling.", skriv konsernselskapet Domstein Holding i årsmeldinga for 2024.
Deler bygg med Villa Seafood
På Gjelleråsen treng Rolf Domstein ikkje gå langt for å finne eit anna selskap frå Nordvestlandet.
I same bygg har også Ålesundselskapet Blue Resource Group sin fabrikk for foredling av laks.
For begge selskapa er nærleiken til kundane grunngjevinga for å etablere foredling ved Oslo.
Sjølve foredlingsanlegget er ei investering på omlag 20 millionar kroner seier Rolf Domstein. I tillegg til fabrikken har Domsteinkonsernet også ein av sine seks distribusjonssentralar på Gjelleråsen.
Minus for konsernet
I tillegg til eigen produksjon driv Domstein-konsernet med sal og distribusjon av fisk og sjømatprodukt, til den norske marknaden gjennom selskapet Domstein Sjømat.
Datterselskapet Domstein Fish av import av akkar som agn til lineflpten som si viktigaste marknad, Domstein Fish er også ein importør, med akkar som blir brukt som agn i lineflåten som hovudprodukt. Lite akkar frå Sør-Amerika og høge prisar reduserte lønsenda i fjor. I år har tilgangen på akkar tatt seg opp igjen og selskapet er attende i ein meir normal situasjon, ifølgje Domstein.
Domstein har produksjon i Sverige gjennom selskapet Domstein Sverige.
| Domstein Holding as (konsern) | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 1373,0 | 1242,0 |
| Driftsresultat | 12,8 | 20,6 |
| Resultat før skatt | -3,3 | 5,8 |
| Domstein Sjømat Produksjon as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 40,4 | 6,4 |
| Driftsresultat | -8,9 | -3,5 |
| Resultat før skatt | -9,6 | -3,7 |
| Domstein Sjømat as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 983,4 | 892,1 |
| Driftsresultat | 16,8 | 14,8 |
| Resultat før skatt | 11,1 | 10,5 |
| Domstein Fish as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 249,6 | 283,5 |
| Driftsresultat | 3,6 | 9,4 |
| Resultat før skatt* | ||
| *Blir oppdatert når rekneskapen er offentleg |
Publisert: 13.06.2025 05:00
Sist oppdatert: 12.06.2025 23:48






