Blue Resource Group i Ålesund driv med eksport og sal av fisk gjennom dotterselskapa Villa Seafood og Seafood Brands. I tillegg driv dei foredling ved fabrikkar i Troms og Nittedal.
Å etablere den sistnemnte fabrikken for laksefiletering i Romerike-kommunen på Austlandet var likevel ikkje heilt enkelt.
– Ikkje alle synest det var ein god ide, mellom anna banken vår, fortel Ove Thu til Nett No.
Han er dagleg leiar og største aksjonær i Blue Resource Group.
Etter å ha vore i kontakt med Eksfin sine folk på Ålesund-kontoret, kom ei løysing på bordet. Dei statlege finansieringshjelparane kunne gå inn å garantere for halvparten av investeringa.
– Då gjekk eg til banken og spurte: «Kva om Eksfin tek 50 prosent av risikoen. Er dokke med då?» Og det var dei, seier Thu.
Slik vart Filetfabrikken – som også er namnet på selskapet – etablert i Nittedal.
Kva er Eksfin?
Eksfin, tidlegare kjent som GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) og Eksportkreditt Noreg, er eit statleg norsk forvaltningsorgan som gjer finansielle tenester for norske eksportbedrifter.
Formålet er å styrke norsk eksport ved lån og garantiar som gjer det enklare for utanlandske kundar å kjøpa norske varer og tenester. Dei tilbyr også tenester til norske bedrifter for verksemd med høg eksport.
Hovudkontoret ligg i Oslo, der det jobbar rundt 125 tilsette. Eksfin har óg kontor i Ålesund og Stavanger - og planar om å opne nytt kontor i Bergen.

Milliardvekst på få år
Produksjonen på Filetfabrikken blei starta midtvegs i 2023 og fjoråret var dermed det første heile driftsåret.
Satsinga med eige foredling viser godt igjen i rekneskapen til konsernet. I 2023 omsette Blue Resource Group for knappe 1,2 milliarder. I fjor steig inntektene til 1,7 milliardar.
I år reknar Thu med at dei passerer to milliardar kroner.
– Du kan seie at vi brukte 16-17 år på å nå éin milliard, og deretter tre-fire år på å nå to milliardar i omsetning. Og det er delvis takka hjelpa frå Eksfin, seier Thu.
Du kan seie at vi brukte 16-17 år på å nå éin milliard, og deretter tre-fire år på å nå to milliardar
Tilbod for bedrifter med høg eksport
Bedrifta kom innunder ei ordning der bedrifter kan få hjelp til investeringsfinansiering frå Eksfin.
Den er tilgjengeleg for bedrifter som anten allereie eksporterer meir enn 50 prosent av omsetninga – eller kjem til å gjere det som følgje av investeringa.
Eksfin-sjef Tone Lunder Bakker var med å markere 20 årsjubileum for Ålesund-kontoret for Eksfin denne veka. Då viste ho mellom anna til sjømatbransjen som ei næring ho hadde stor tru på framover.
Eit godt val for rekrutteringa
Fabrikken til Blue Resource Group i Nittedal er på kring 5000 kvadratmeter. På taket er det installert over 2200 solcellepanel som gjer bygget meir eller mindre sjølvforsynt med straum, fortel Thu.
At laksefiletfabrikken hamna i Nittedal var delvis eit utslag av tilfeldigheiter. Etter halvanna års drift, viser det seg å ha vore eit godt val – ikkje minst når det kjem til rekruttering.
– Nittedal er innafor kollektivtransporten i Oslo, slik at dei tilsette kan ta buss. Det har vist seg å vere ganske viktig, fortel Thu.
Dei kring 100 tilsette på fabrikken kjem frå 28 ulike nasjonalitetar. Dei sørgjer for at fersk oppdrettslaks blir filetert og pakka før den blir sendt vidare ut i verda.

Nærare tilgang til kontinentet
Frå før har Blue Resource Group ein filetfabrikk på Senja, men denne ligg langt frå kundane. Nærare tilgang til kontinentet via landevegen var eit hovudargument for å etablerte Nittedal-fabrikken.
Ettersom kring halvparten av salet går til USA, er dei avhengige av å sende store volum med fly.
– Frå Gardermoen går det berre nokre få fly til USA, så vi er avhengige av å vere nær dei større flyplassane i Europa som Schiphol, Frankfurt og London. Det vi produserer på måndag, skal vere i New York onsdag, legg han til.
Uroa kring dei amerikanske tollsatsane har naturleg vore høgt på dagsorden hos fiskeeksportøren dei siste vekene.
Thu fortel at dei tidleg hadde eit møte med samarbeidspartnarane sine, der dei blei samde om at alle ville gjere ein innsats for å sikre at volumet ikkje gjekk ned.
Færre USA-flygingar kan gi auka fraktprisar
Per no ser norsk sjømat ut til å ende med ein tollsats på ti prosent. Det meiner Thu er handterleg.
– Eit anna forhold som ikkje har fått så mykje merksemd, er nedgangen i flytrafikken til USA. Bookingane har gått ned med kring 40 prosent, noko som betyr at talet på fly over Atlanteren vil bli betydeleg redusert, seier Thu.
Med færre fly, blir det også meir kamp om plassen om bord – og prisane for frakta vil truleg skyte i veret.
– Det er veldig samanliknbart med det vi opplevde under pandemien, legg Thu til.
Auka omsetning og overskot for eksporten
Rekneskapen til konsernet er ikkje levert til Brønnøysund enno. Og med over 100 eigarar som selskapet fekk gjennom ei folkefinansiering i 2022, vil Thu fortelje resultatet til aksjonærane før det kjem i media.
2024-rekneskapen for eksportselskapet Villa Seafood viser likevel korleis pilane har peika oppover. Selskapet bikka éin milliard i omsetning første gong i 2022 – og i fjor steig inntektene til drygt 1,5 milliardar.
Overskotet har også auka frå kring 25 millionar før skatt i 2023, til drygt 30 millionar kroner i 2024 (sjå tabell under). Som følgje av resultata blir det teke utbytte på 13 millionar – som fyller opp kassa i morselskapet.
| Villa Seafood | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 1524,6 | 1159,1 |
| Driftsresultat | 31,8 | 29,8 |
| Resultat før skatt | 25,5 | 30,3 |
Publisert: 16.05.2025 05:00
Sist oppdatert: 16.05.2025 07:57






