80 millionar kroner i eigenkapital var målet for ei kapitalutviding Pretio var i gang med i mars i år. Det gjekk ikkje som planlagt.
Mangelen på respons i kapitalmarknaden har gjort at Pretio har lagt om planane. Målet er framleis å etablere produksjon i Ålesund, etableringa av produksjon i Ålesund er berre utsett. Utsetjinga skuldast at tilgangen på nok kapital lar vente på seg, seier dagleg leiar og medeigar Rune Frostad.
Pretio sin ide er å lage kollagen for helsekostmarknaden og protein for kjæledyrmarknaden og havbruksnæringa, basert på restråstoff frå torsk, sei og hyse. Alt råstoffet skal brukast, men det er fiskebein som bli det viktigaste.
Startar i utlandet
Ein kombinasjon av eigenkapital, lån og leasinavtalar gjer at Pretio har sikra seg i underkant av 20 millionar kroner i finansiering, og ein avtalte med ein samarbeidspartnar i utlandet om å sette opp ei produksjonsline der, seier Frostad.
Førebels vil han ikkje kommenter kven samarbeidspartnaren er.
Produksjonen skal vere i gang i januar/februar neste år, og Pretio reknar med positiv kontantstraum frå og med juni neste år.
- Vi er glad for å kunne starte investeringar som tek Pretio inn i nytt utviklingssteg med oppstart produksjon og sal, seier Frostad.
Skatt hemma investeringsvilje
Investorane i den planlagte kapitalutviding skulle få ein eigarandel på tilsaman 65,5 prosent. Pengane skulle finansierer produksjonsutstyr, oppbemanning og marknadsarbeid.
Converto i Ålesund var hyra inn som rådgivar og meklarselskapet Norse Securities som tilretteleggar av kapitalutvidinga.
Medgrunnleggar, medeigar og dagleg leiar Rune Frostad seier investeringsviljen ikkje var som selskapet hadde håpa. Etter hans vurdering kan dagens skattepolitikk vere ein medverkande årsak.
Publisert: 23.09.2024 08:54
Sist oppdatert: 23.09.2024 08:54