La seks nybygg på is
I august vedtok arbeidsbåtreiarlaget FSV Group i Molde å utvide flåten med seks nybygg. Så kom lakseskatten.
Etter at regjeringa varsla at den vil innføre såkalla grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa har FSV Group lagt bygging av dei seks arbeidsbåtane for oppdrettsnæringa på is. Skatten er på 40 prosent, og kjem i tillegg til den ordinære selskapsskatten på 22 prosent, ifølgje framlegget frå regjeringa.
Selskapet var i sluttforhandlingar om kontrakt for bygging av det første av dei seks fartøya, seier administrerande direktør Arild Aasmyr til NETT NO. Den nye lakseskatten gjer FSV Group usikker på om det vil bli brukt for nye båtar.
- Vekstbiletet i Noreg er betydeleg svekka, seier Aasmyr.
Dei seks nye båtane ville koste omlag 500 millionar kroner.
Lever av oppdrettsnæringa
FSV Group er eit konsern som eig og driv servicefartøy og lektarar for oppdrettsnæringa; frakt, sleping, handtering av nøter og inspeksjon.
Flåten er i dag på 16 fartøy, mellom 27 og 15 meter. Ytterlegare sju fartøy er under bygging, men dei neste seks fartøya som var planlagt blir ikke noko av i denne omgang.
Les også
Langøy største eigar
Leif Arne Langøy er styremedlem og han og hans familie er største eigar gjennom selskapet Lapas. Lapas eig 33,47 prosent.
Endre Nisje i Molde er den andre av dei større aksjonærane frå Nordvestlandet. Han eig 10,8 prosent gjennom selskapet Nisja Fish.
Selskapet har i tillegg til Langøy og Nisje to andre større aksjonærar, selskap eigd av investoren Kjetil Holta (32,8 prosent) og selskap eigd av investor Sven Erik Lie og familie.
Publisert: 28.11.2022 15:40
Sist oppdatert: 28.11.2022 21:16