Denne baaten er utstyrt med ROV 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
GOD BUTIKK: Multi Innovator vart overlevert frå Vard Aukra til FSV Group i 2018. Satsinga på servicebåtmarknaden for oppdrettsnæringa har vore god butikk for Molde-konsernet.
Nytt

Kraftig vekst for FSV Group

Frå starten i 2011 av FSV Group i Molde, med Leif Arne Langøy som storaksjonær, bygd seg opp til eit selskap med nesten ein kvart milliard i driftsinntekter.

04.08.2022

Både i fjor og i 2019 leverte selskapet solide resultat (sjå tabell).

Konsernet auka driftsinntektene med nesten 40 prosent frå 2020 til 2021, og auka samstundes resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene til 14 prosent.

FSV Group ventar vidare vekst i marknaden, men samstundes større konkurranse, skriv selskapet i årsmeldinga for 2021.

Lever av oppdrettsnæringa
FSV Group er eit konsern som eig og driv servicefartøy og lektarar for oppdrettsnæringa; frakt, sleping, handtering av nøter og inspeksjon.

Flåten er på 14 fartøy, mellom 27 og 15 meter. I tillegg eig konsernet fjernstyrte miniubåtar for inspeksjonsoppdrag på oppdrettsanlegga.

Hovudkontoret er i Molde og konsernet hadde omlag 170 tilsette i fjor.

Langøy største eigar
Leif Arne Langøy er styremedlem og han og hans familie er største eigar gjennom selskapet Lapas. Lapas eig 33,47 prosent.

Endre Nisje i Molde er den andre av dei større aksjonærane frå Nordvestlandet. Han eig 10,8 prosent gjennom selskapet Nisja Fish.

Selskapet har i tillegg til Langøy og Nisje to andre større aksjonærar, selskap eigd av investoren Kjetil Holta (32,8 prosent) og selskap eigd av investor Sven Erik Lie og familie.

Konsolidering
Tidleg i år vart Sandsøy Servicebåt ein del av Abyss Group i Kristiansund, som arbeider i same marknad som FSV Group.

Dagleg leiar og medeigar Victor Jensen i Abyss Group spådde då meir konsolidering i bransje, og varsla at selskapet ville vekse.

I samband med at Akva Group sitt selskap AKVA Marine Services i 2021 vart slått saman med Abyss Group gjekk eit investeringsfond etablert av selskapet Icon Capital inn med 100 millionar kroner i eigenkapital i Abyss Group og vart største eigar.

FSV Group as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt247,2177,4
Driftsresultat48,028,9
Resultat før skatt34,515,1
Abyss Group as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt317,0246,9
Driftsresultat15,422,5
Resultat før skatt2,413,8

Publisert: 04.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 04.08.2022 07:29

Mer om